Lokal | 07. des. 2020

Budsjettet: SV vil styrka tenestetilbodet - og overskotet

Her er SV sitt framlegg til budsjett og økonomiplan.

Budsjettet: SV vil styrka tenestetilbodet - og overskotet
Asle Olsen (SV). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. des. 2020 10:13

I møte i Bjørnafjorden formannskap tysdag i førre veke la posisjonen Ap, Sp, MDG og KrF (til saman 16 av 35 representantar i kommunestyret) fram eit fellesbudsjettforslag, Frp og Høgre (til saman 16 av 35 representantar i kommunestyret) samla seg om forslag frå opposisjon.

SV har kome med eige budsjettforslag.

SV har reversert alle innsparingar som går på tjenestetilbudet (tilsette i skulen, diagnosespesifikke stillingar mm) og som rammar dei med dårlegast råd (husleige i kommunale bustadar, fråtrekk for barnetrygd for sosialhjelpsmottakere).

– Samtidig har vi godtatt foreslåtte kutt i administrasjonen og effektivisering, seier Asle Olsen, SV sin einaste representant i kommunestyret.

Utover dette har SV satsa på å styrka skulane med 4 millionar, styrka bemanninga i barnehagane og styrka meistringsteamet.

– Vi har òg auka kommunen sitt overskot i åra etter 2021, så kommunen kjem styrka ut økonomisk med vårt budsjett.

319 av 356 kommunar har eigedomsskatt

SV vil bruka meir og kutta mindre ved å auka inntekta til kommunen. Måten dei vil auka inntekta på er eigedomsskatt, eit grep som skil SV sitt budsjett frå dei andre forslaga.

«Det er dei av oss som har minst, som treng kommunen mest. Tenestenivået i Bjørnafjorden er allereie for lågt» skriv SV i framlegget sitt.

Og held fram:

Slik utviklinga har vore i overføringar av midlar og oppgåver frå Staten til kommunane dei seinare åra, har fleire og fleire kommunar landa på det tunge valet om å innføre eigedomsskatt. 319 av totalt 356 kommunar i landet har no innført skatten. Bjørnafjorden er ei av veldig få kommunar som ikkje har eigedomsskatt som del av inntektsgrunnlaget sitt i dag, og i kommunedirektøren sitt budsjett ser
vi kva konsekvensar det får for tilbodet til kommunen sine innbyggjarar.

SV kan difor ikkje akseptere at vi gjer ytterlegare kutt i tenestene for det som treng fellesskapet mest. Vår løysing er tvert om å styrkje tenestene, og at det som eig store verdiar må bidra meir.

I 2021 har SV planlagt med ein eigedomsskatt på 1 promille for bustad, med eit botnfrådrag på 500.000 kroner, og 2 promille for næringseigedom. Frå dette meiner vi at ei inntekt på om lag 40 millionar kroner er realistisk.

I økonomiplanen aukast satsane ytterlegare i 2022, til høvesvis 2 promille for bustad og 4 promille for næring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.