Kultur | 12. mai 2012

Bugnar av snadder

– Det blei lite søvn, seier utstillarane som rigga til europeisk marknad i Os sentrum i natt. Sjå bildeserie av snop, kaker, ost og eksklusive såper.

Bugnar av snadder
Sydenstemning i sentrum: European Market bruker i år store delar av Telthusplassen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 12. mai 2012 11:44

Bildeserie:

Pølser frå Nederland. (Foto: KVB)
Pølser frå Nederland. (Foto: KVB)
Fransk favoritt, 18 månadar gamal eksklusiv ost. (Foto: KVB)
Fransk favoritt, 18 månadar gamal eksklusiv ost. (Foto: KVB)
Engelsk snop i monster-size. (Foto: KVB)
Engelsk snop i monster-size. (Foto: KVB)
Italiensk snadder. (Foto: KVB)
Italiensk snadder. (Foto: KVB)
Italienske kaker. (Foto: KVB)
Italienske kaker. (Foto: KVB)
Steinar Bøe og Ørnulf Jacobsen med oppmuntrande utsikt mot marknaden. (Foto: KVB)
Steinar Bøe og Ørnulf Jacobsen med oppmuntrande utsikt mot marknaden. (Foto: KVB)
Britiske kaker. (Foto: KVB)
Britiske kaker. (Foto: KVB)
Såper frå Provence. (Foto: KVB)
Såper frå Provence. (Foto: KVB)
Nederlandsk ost. (Foto: KVB)
Nederlandsk ost. (Foto: KVB)
1 av 9

European Market er på plass i Os igjen. Besøket under marknadsdagane i Os i juni i fjor blei ein stor suksess for dei franske, italienske, spanske og britiske utstillarane, med fleire, no håper dei på god handel ei halvkald maihelg i Os.

– Vi kom frå Bergen seint i går kveld og rigga fram til rundt klokka 2 i natt, fortel ein av dei italienske utstillarane.

– Så var det opp igjen i 5-tida for å gjera klar til opning klokka 7, fortel ein annan.

No står utstillarane tett på torget framfor Libris og innover Telthusplassen bak Bakketeig.

Snop, ost og kaker

I utvalet finn vi blant anna mykje ost, spesielt frå Frankrike, Nederland, Sveits og Italia, mykje snop og kaker, både britisk og italiensk, eksklusive såper frå Provence og litt smykker frå europeiske brukskunstnarar.

Utstillinga står utover ettermiddagen og marknaden held også søndagsope.

I bildeserien over ser du delar av det fristande utvalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.