Lokal | 28. apr. 2014

Bulk i banken

– Eg håper den som har vore uheldig melder seg, seier Oddvar Onstad.

Bulk i banken
Fleire klinkasteinar er knust inn på fasaden til DNB i Os sentrum. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. apr. 2014 07:16

Søndag fekk driftsjef for BBEI-fondet sine eigedomar i Brugata melding om skade på bankbygningen.

– Det ser ut som om nokon har kjørt bilen rett inn i veggen ved minibanken til DNB, seier han.

Politiet hadde ikkje høyrt om skadeverket då Midtsiden tok kontakt måndag morgon.

– Skaden er ikkje så stor, men den blir heller ikkje gratis å reparera.

– Eg reknar med at DNB har overvakingskamera ved minibanken, der kan vi nok finna ut kva som har skjedd. Men eg håper den uheldige tar kontakt, så vi får ordna opp, seier Onstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.