Samferdsle | 14 timar sidan
Bunkring måtte utsetjast
Fører til fire kansellerte avgangar, to av dei frå Halhjem.


Kjetil Vasby Bruarøysundag 08. feb. 2026 10:21
Torghatten Nord opplyste i 08.30-tida om kansellerte avgangar i sambandet Halhjem-Sandvikvåg i dag.
Avgangar frå Halhjem klokka 11.20 og 13.00 er kansellert.
Det same er avgangar frå Sandvikvåg klokka 12.10 og 13.50.
Årsaka er forseinka bunkring. Bunkring måtte utsetjast då MF «Færøy» i går hadde tekniske problem.
At MF «Færøy» blei liggande til kai skapte laurdag forseinkingar i Fjord1 sitt samband mellom Halhjem og Våge, då berre éin kai på Halhjem var tilgjengeleg.
Klokka 10.18 søndag kan Fjord1 fortelja at dei er tilbake i normal drift mellom Halhjem og Våge.





