Lokal | 30. mars 2019

Bunnsmøra alubåt eller fjerna blåmann frå redningsvesten?

Jotun var i Os for å presentera siste nytt og god råd til årets båtpuss.

Bunnsmøra alubåt eller fjerna blåmann frå redningsvesten?
Lise Solheim frå Jotun besøkte kundane til Paal og Fredrik på Fargerike Os fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. mars 2019 08:45

Bildeserie:

Du treng ikkje kasta redningsvesten om den har fått blåmann. (Foto: KVB)
Du treng ikkje kasta redningsvesten om den har fått blåmann. (Foto: KVB)
1 av 1
Du treng ikkje kasta redningsvesten om den har fått blåmann. (Foto: KVB)

Tida då du måtte sjøsetja båten med det same bunnsmøringa var tørr er for lengst forbi.

– Rundt 9 av 10 vel sjølvpolerande bunnstoff. Dette skal ikkje slipast ned før du tar på nytt, seier Lisa Solheim frå Jotun.

– Men det er viktig å hugsa å spyla båten når du tar den opp. Dei som har båt i opplag får gjerne bunnsmørt båten allereie på hausten, for at ikkje det skal bli for travelt når alle skal utpå om våren, og det går heilt fint. Men eg har inntrykk av at dei fleste privatpersonar bunnsmører no om våren.

Solhem har ansvar for opplæring av tilsette hos 60 Jotun-forhandlarar på Vestlandet, og var fredag stasjonert hos Fargerike Os i Hamnevegen for å prata med både tilsette og kundar.

Årets nyhet: Eige bunnstoff til aluminiumsbåtar

For fire sesongar blei Jotun Supreme lansert. Denne bunnsmøringa held to sesongar, noko som etterkvart har blitt ettertrakta.

Å beskytta aluminiumsbåtar for groe har vore ei utfording, og noko som har blitt diskutert i fagpressen i takt med auka sal av båtar i metall.

– Nytt i år er Jotun Aqualine, spesialtilpassa aluminiumsbåtar. Også dette bunnstoffet er sjølvpolerande.

Flekkar på krom, plast og redningsvest?

Jotun Yachting handlar ikkje berre om det som er under båten.

– Pleie av teak, vask over vasslinja, rubbing utan slipekorn for god glans på skutesida er blant pleieproduktene i serien. Eg har sjølv brukt mange av desse, blant anna for å få krom om bord til å skina igjen, og det er godt å sjå at flekkar du trudde hadde kome for å bli, faktisk lar seg fjerna.

Andre flekkar kan fort bli fjerna ved å hamna i bosset; blåmann på redningsvestar.

– Også dette let seg fjerna, fortel Lise, og viser ein gamal redningsvest som delvis er behandla med «Mildew Remover».

– Ta plastpest på alvor

– Om du er flink å ta vare på ting så treng du ikkje kjøpa nytt så ofte. Det gjeld også for båtfolk, ikkje minst om du har teikn til plastpestpå skroget.

– Hugs at gelcoat ikkje er vanntett, ein ny båt skal grunnast før bunnsmøring.

– Har du skade i gelcoaten bør du bruka «Epoxy Repair», vil du forebygga så har vi «Antipest». Sjå nøye over skroget ditt før sesongen startar, og spør i butikken før du smører båten. Kanskje du skal stella den litt ekstra i år?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.