Lokal | 24. aug. 2019

Bunnsolid økonomi og kloke val?

Lesarinnlegg: Eit viktig kommuneval står for døra!

Bunnsolid økonomi og kloke val?
Os Rådhus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. aug. 2019 07:08

Dei ulike partia er ute og frir til veljarane i desse dagar. «Store ord flyr gjennom luften» som Stutum sa i si tid.

Tidleg ute var Espen Aspenes frå Frp, og eg kan ikkje la vera å kommentera hans inlegg på nokre punkt. Slik eg les innlegget osar det av «at Frp er dei beste til å styra den nye kommunen». Store ord. At økonomien er bunnsolid er eitt av argumenta hans.

Men han nemner ikkje at Os kommune ved siste årsskiftet hadde ei samla lånegjeld på 2,25 milliardar kroner. Det er mykje pengar! Denne gjelda har stige frå 902 millionar ved utgangen av 2010, og den har auka med ein milliard sidan utgangen av 2013! Dette høver dårleg med mi oppfatning av begrepet bunnsolid økonomi.

Han skriv og at framtida krev «god leiing, gode strategiske vegval og eit godt samarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde». Dette er vel sjølvsagt for alle, men vel ikkje akkurat kva noverande fleirtal i Os med Frp i førarsetet, støtta av Høgre, har vist oss. Eit stikkord er avsløringane om PBU, sterkt kritikkverdig uansett korleis ein ser det.

Kjempeskandalen Ohara er vel heller ikkje eit vitneprov på god leiing og gode val? Men pytt, pytt, det er jo berre å lempa det over på innbyggjarane sine rekningar i form av auka gebyr, gebyr som er meir enn høge nok frå før.

Og i same rennet: korleis vart sluttrekneskapen for utbetringa av demninga på Hovlandsvatnet? Eg har frå påliteleg hald at også dette prosjektet fekk ei kraftig overskriding. Kanskje nokon kan gje oss fasiten? Og ei sak til med omsyn til vassgebyr: drifta er overlete til Bergen Vann, og deira bilar treff ein på både titt og ofte rundt i bygda. Kva kostar denne måten å drifta på og kva utslag gjer det på gebyrrekninga? Eg berre spør.

Vil og ta med bygging av ny skule på Hjelle på god matjord når det var andre gode alternativ, og det etter ein dårleg prosess som avisene har skrive om. Eg synes ikkje dette vitnar om kloke val.

Fleire av dei prioriteringane som har vore gjort dei seinaste åra kan det etter mi meining stillast spørsmål ved. Til dømes vart det nytta 60 millionar på å pussa opp Osøyro, og den vart riktig fin. Men så øydela ein mykje av dette ved å klaska ned ein malplassert «bunkers» midt på torget.

Det vart nytta 40 millionar til nokre stygge bølgjebrytarar i Os hamn, ei prioritering eg for min del er skeptisk til. Osbygda er då meir enn Osøyro, og det er vel behov for midlar i andre delar av kommunen også. Kommunale vegar til dømes.

Fjellheim har det vore skrive side opp og side ned om. Svært mange osingar har tydeleg gitt uttrykk for støtte til å ta vare på huset, setja det i god stand og gjera det tilgjengeleg for dei mange lag og organisasjonar som ikkje har økonomi til å nytta Oseana. Og ikkje minst for ungdomane. Men det politiske fleirtalet i Os tek ikkje omsyn til dette, men durar rett fram. Oseana har kome på banen med positiv haldning til Fjellheim, men nei. 25 millionar (kor reellt er eigentleg dette prisanslaget og må alt nødvendigvis gjerast samstundes?) har vore nemnd for å få huset i god stand, mykje fordi straumen blei slått av og dørane lukka.

At eit hus som ikkje vert brukt forfell, veit alle. Dette er for mykje pengar meiner posisjonen. Ja, det er mykje pengar, men pengar til bølgjebrytarane var det ikkje vanskeleg å framskaffa. Legg prestisjen vekk, lytt til vanlege folk og tenk dykk om ein gong til. Det er ikkje for seint.

Frp skryt stadig vekk av Ja-haldninga i Os kommune. Javel, men det gjev seg jammen ulike utslag, som til dømes at det vert bygd store, ruvande hus som bryt heilt med stilen på husa som står på staden frå før og der det ikkje synes å verta tatt omsyn til dei som allereie bur der. Ei positiv haldning må kommunen gjerne ha, men det må vera ei styring og ikkje frislepp.

Høgre kan koma til å bli ein joker når det skal skapas eit politisk fleirtal etter valget. Eg oppmodar Høgre om å gje eit klårt svar før valet på kven dei vil samarbeida med. Vert det nytt sambuarforhold med Frp, eller?

Det vert ein stor og viktig jobb å byggja ein ny storkommune etter valet. Bjørnefjorden kommune treng eit anna og breiare politisk fleirtal enn det Os har hatt dei siste periodane.

Me treng eit breiare fleirtal der fleire tankar og meiningar er representerte, og der det er vilje til å lytta til innbyggjarane. Eg vonar mange nok osingar og fusingar også tenkjer det same og at dette vert ein realitet. Det er me alle best tende med!

Godt val.

Kåre Askvik

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.