Lokal | 21. jan. 2019

Burde ha mista lappen i fjor

Mannen som blei stoppa hadde førarkort som politiet i førre runde skulle tatt beslag i.

Burde ha mista lappen i fjor
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. jan. 2019 08:50

Det har vore ei roleg helg for politiet i Os.

Natt til søndag rykte dei ut til feststøy i ein bustad utanfor Os sentrum. I tillegg til å få musikken dempa, fann dei mindre mengder hasj på ein av festdeltakarane.

Vedkomande, ein mann i 20-åra, blei meldt.

Køyrde bil med førarkort fylt med prikkar

Søndag stoppa politiet ein bil for kontroll av førar. Då dei sjekka førarkortet hans i systemet oppdaga dei at det hadde hopa seg opp med prikkar.

– Patruljen fann ikkje noko å reagera på med gårsdagens køyring, men oppdaga at han i tidlegare rundar har fått så mange prikkar at førarkortet skulle vore beslagtlagt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet tok beslag i førarkortet til mannen, som er i 20-åra.

– Kor tid fekk han dei siste prikkane?

– Det ser ut som om det var i desember at førarkortet skulle vore beslaglagt.

Om bilførar sjølv visste om dette, er uvisst, men han får ingen reaksjon på at han i mellomtida har halde fram med å køyra bil.

Kvar går grensa?

Får du 8 prikkar i løpet av 3 år så mister du førarkortet i 6 månadar og må avlegga full ny førarprøve.

Om du køyrer for fort kan du få 2 eller 3 prikkar på førarkortet.Ulike brot på forbod og vikeplikt gir tre prikkar.

Om born i bilen under 15 år er utan bilbelte får du 2 prikkar. Nytt i år er at også ulovleg bruk av mobiltelefon mens du køyrer gir 2 prikkar.

Er du i prøveperioden, altså med ferskt førarkort, blir det dobbelt opp.

Sjå oppdatert (4 dagar sidan) oversikt over reglane på vegvesen.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.