Bursdagsbarnet tok 3 rekordar og 3 medaljar
Ariel Braathen klinte til på 17-årsdagen og var på pallen i alle distansar under Bergen Swim Festival på heimebane i helga.

Ariel Braathen sette ny norsk juniorrekord på både 50 (32.10) og 100 meter under BSF.
– Sjølv om 100 og 200 meter er viktigare med tanke på OL var eg fast bestemt på å ta tilbake juniorrekorden på 50 meter langbane, seier Ariel til Midtsiden.
Ho har frå før rekorden på kortbane, mens to år eldre Maria Altmann hadde slått den førre rekorden hennar på langbane.
I seniorfinalane tok ho 3. plass på både 50 og 200 meter (2.32,30), på 100 meter blei det 2. plass etter rekord både i forsøket og i finalen (1.09,76 i forsøket og 1.09,68 i finalen).
Ariel var beste norske både på 50 og 100 meter mens Stina Kajsa Colleou frå Lambertseter var framfor på 200 meter.
Knockout på 50 meter
Det var fredag at Ariel slo juniorrekorden to gongar og tok 2. plass på 100 meter.
Laurdag var forsøket på 50 meter, der Ariel tok ein av dei 8 finaleplassane med tida 32.41.
– I dag var det knockout, der 8 skal bli til 5 og 5 skal bli til 3 før dei tre beste svømmer finale, forklarer Ariel.
Ho hadde bestemt seg for å klina til i første knockoutrunde, der ho sette rekord med 32.10, for runde to og finale går med eit knapt minutt i mellom. I finalen sparte ho seg til 200 meter og cruisa inn på 33.53.
Skottland og EM i Ungarn
Ariel jobbar framleis med å nå A-krava til OL i Rio i august. B-krava er i boks.
B-kravet er på 1.10,22, A-kravet er på 1.07,85.
B-kravet er på 2.32,08, A-kravet på 2.26,94.
I juni går turen til ope svømmestemne i Glasgow, i juli er det junior-EM i Ungarn.
– Eg er mest nøgd med 50 og 100 meter i BSF. No vil eg ha tida mi på 200 meter under 2.30.
Ho har vore tre veker på høgdetrening i Sierra Nevada, men der var det mest base-trening og mindre teknikk. Ho fekk dessutan ikkje med seg trenar Flemming verken til Spania eller til senior-EM i London.
– No blir det finpuss på teknikk og Flemming er heldigvis med meg til Skottland, seier Ariel etter den strålande bursdagshelga på heimebane.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.