midtsiden

Bussen blei Betty

Med 50-talet som tema og pinup-jenta Betty Grable som dekor blei bussen avduka måndag. I dag startar russetida.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os sin første russebuss står klar til dåp i Sigurdsviken i kveld, så ventar rebusløp i Bergen og avreise til Kongeparken i slutten av neste veke.

– Eit arbeidsuhell førte til knust frontrute, men etter ein del om og men fekk vi tak i ny. Når den er på plass er vi heilt klare, seier Betty Grable-medlem Simon Aasen.

Måndag var det "lansering av konseptet", tysdag gjekk bilen gjennom hos Biltilsynet med frontruta som einaste merknad og i dag startar russetida.

Lærerikt og kostbart prosjekt

Store russebussar med kostbar innreiing og tungt lydutstyr har spreidd seg frå Austlandet til Vestlandet. Avisene i Bergen skriv om høge beløp per gymnaselev som er medlem på slike bussar. Dei 21 medlemmane på Betty Grable, 10 av dei frå Os, har kvar for seg spytta i meir enn det underteikna sin russebuss kosta i 1994.

– Vi har brukt 18.000 kroner kvar. I tillegg har vi vore heldige og fått med ein del rause sponsorar.

Aasen fortel om stor dugnadsinnsats, hjelpsame fedre og ein buss han no reknar med er verdt mellom 500.000 og 700.000 kroner.

– Det har vore kostbart, men det har også vore veldig lærerikt og kjekt. Nokre av oss har jobba rundt 1000 timar på bussen, og desse kveldane og langhelgene med jobbing har gjort at vi frå Os har blitt godt kjent med dei frå Fana vi deler buss med.

Dyr laser, tysk låt og feite jakker

Blant det som har kosta av utstyr er omfattande innreiing, truleg byens råaste lydanlegg inne og leige av laserlys verdt rundt 40.000 kroner.

– Vi har også spandert på oss tyske BodyBangers til å laga låt for bussen. BodyBangers står bak hits som "Freak", "Reprogram my heart" og "Body Talk". Vi fann bookingadressa deira og låta er rett rundt hjørnet.

Aasen er også stolt av gåsen - Betty Grable-gutta har nemleg fått "Noregs feitaste russejakkar".

– Vi har fått tak i dunjakkar frå Canada Goose, jakkar som kostar 6000-7000 kroner stykket, via ein av sponsorane våre. Dei som ikkje finn seg dame i Kongeparken kjem nok likevel til å halda varmen, ler Simon.

Kvifor Betty?

Betty Grable (1916-1973) var ein amerikansk skodespelar og songerinne som er mest kjent for badedraktbildet som "forandra verda" og gav ho status som pinupjente nummer éin under andre verdskrig. No dekorerer ho ein russebuss i Os.

– Vi hyller 50-talet i stilen og synes Betty med hennar bidrag til å få endå fleire jenter til å kasta kleda er eit strålande forbilde og ein naturleg frontfigur for oss om bord.

For fine gutar har det også kome invitasjon til fine selskap. Planen deira er nemleg å reisa som VIP til russesamling på Tryvann etter Kongeparken.

– Vi er inviterte til å stå i VIP-ringen, der den beste delen av festen skjer, mellom dei finaste bussane i Sør-Noreg. Vi får sjå kva som er igjen av oss og bussen Betty etter turen til Kongeparken, om det blir tur over fjellet, seier Simon Aasen.

Fleire saker