Lokal | 24. nov. 2020

Bussjåfør fekk bot

Lastebil mista stein og skadde ein personbil.

Bussjåfør fekk bot
Lange bilar og bussar som trassar dette skiltet skaper problem fleire gongar i året. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. nov. 2020 08:16

Måndag i 09.30-tida rygga ein bil i grøfta i Langedalen. Ti minutt seinare fekk politiet melding om lastebil som mista last på E39.

– Bilen køyrde på Byvegen retning sør, og vi fekk fleire meldingar om at denne mista småstein, blant anna i ein sving på Søfteland, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Bilen køyrde retning sør. Politiet rykte ut og stoppa lastebilen ved Amfisenteret.

– Det viste seg at det var noko gale med lastekarmen, fortel politiet.

Buss køyrde seg fast - førar fekk forelegg

Klokka 10.40 fekk politiet melding om ein buss som hadde køyrd seg fast i ein av dei krappe svingane på Ole Bulls veg.

– Bussen blokkerte for annan trafikk, og vegen var stengt til bergingsbil fekk den laus klokka 12.45.

– Det er skilta med maks akseltrykk på vegen, og forbode for bilar som er lengre enn 8 meter. Bussen er 12,4 meter, fortel Birkeland.

Sjåføren fekk 5.500 kroner i forelegg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.