Lokal | 24. juli 2011

Bustad i brann etter lynnedslag

– Huset rista noko ekstremt, seier ein av dei som var i bustaden i Hagavik då lynet slo ned.

Bustad i brann etter lynnedslag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. juli 2011 16:00

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

I 17-tida søndag ettermiddag kom det melding om bustadbrann i Dahlsvegen i Hagavik.

Eit lynnedslag skal vera årsaka til brannen.

– Det kom eit sinnsjukt brak og så rista det i heile huset, fortel ein av dei som bur i huset.

Mannen bur i kjellarhusvære i foreldra sin bustad. Begge foreldra var også heime.

– Straumen gjekk, og så etter ei lita stund, oppdaga sonen min at det bles røyk ned mot bakken utanfor huset.

Alle fire kom seg ut av huset. Dei varsla brannvesenet samstundes som dei prøvde å sløkka brannen med pulverapparat.

– Vi fekk melding rett over klokka 17, ein halvtime seinare hadde vi kontroll på brannen, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Det brann rundt inngangspartiet på utsida av huset då brannvesenet kom til staden. I tillegg kom det røyk ut takskjegget.

– Brannen har gjort stor skade på delar av huset, men det er nok også delar av huset som berre er skadd av røyk og vatn.

Brannvesenet er framleis på staden for å sløkka småbrannar som blussar opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.