Tryggve Lillestøl (Krf) meinte at to daglevarebutikkar tett på kvarandre på Moberg ville leia til konkurs. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

– To butikkar vil leia til konkurs

Debatt om ny Rema-butikk på Moberg fekk fleire kuler til å gå seg varme i kommunestyret.

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Plan-og bygningsutvalet (PBU) sa 30. august i fjor ja til at det vart varsla oppstart av arbeid med reguleringsplan for Kuvågvegen 5 og 11.

Det vart samstundes vedteke at framlegg til planprogram vert lagt ut til høyring/offentleg ettersyn.

På tomta er det tenkt ein ny Rema 1000-butikk.

Dette framlegget om å leggja planen ut på høyring var det kommunestyret skulle diskutera i går kveld - debatten fekk etterkvart god temperatur og splitta opposisjonen.

– Dette vil leia til konkurs

Etter at Siren Tømmerbakke (Sp) først var erklært ugild i saka, ho jobbar ved landbrukskontoret, og erstatta av Ingrid Netland (uavhengig), tok Tryggve Lillestøl (Krf) til talarstolen.

Han meinte at det i Plan- og bygningsutvalet sat eit klokt mindretal mot eit mindre klokt fleirtal.

– Eg trur vi vil få sjå ein konkurs her om vi legg to daglegvarebutikkar så tett opp mot kvarandre, og eg vil halda fram med å stemma nei i denne saka.

– Eg vil òg minna kommunestyret på at det i uttalen frå Fylkesmannen kjem fram at dei meiner det manglar ein overordna plan for området.

Harald Døsen (Ap) tok replikk, og stilte følgjande resonnerande spørsmål til Lillestøl:

– Veit representant Lillestøl kva som står bak både Kiwi og Rema 1000 - trur du verkeleg at desse vil gå konkurs?! sa Døsen, og sikta til storleiken på daglegvarekjedane.

– Kva med butikk på Halhjem?

Glenn Erik Haugland (V) ville på si side veta kor tid det ville koma ein butikk som ville dekka området Søre Neset og Halhjem;

– Slik eg ser det vil heile behovet for butikk lengre sør forsvinna med denne sentraliseringa på Moberg.

Men eg vil berre få understreka at eg går til butikken, sjølv om den ligg langt vekke.

Ein sorgens dag

Harald Lekven (Sp) starta sitt innlegg med å fortelja om klesvalet sitt;

– Dette er ein sorgens dag, så eg har kledd meg i svart.

– Eg veit kor dette ber hen, men eg vil seia følgjande; veljarane bør merka seg kva posisjonen gjer med osbygda.

Lekven sa vidare at sjølv om det var snakk om 2,7 dekar matjord som ville gå tapt her, omfatta heile planprogrammet 18 mål.

– Eg må seia meg noko skuffa over landbrukskontorets noko defensive haldning i denne saka. Det er ingen av heiltidsbøndene i Os som lev av si eiga jord åleine, dei er avhengige av alle dei småteigane som ligg rundt i bygda.

Då Lekven tok føre seg det han meinte var eit stort paradoks - at PBU jobbar med ein ny arealplan med tydelege nærsenter, men samstundes driv og utvatnar det heile, drog han på seg ein reprimande frå ordførar Søviknes. Dette for å nytta orda «Gud forby». Dette meinte ordføraren ikkje høyrte heime frå talarstolen.

Til Haugland hadde Lekven følgjande å seia;

– Det er prisverdig at representanten Haugland går til butikken, men sjølv om det lenge sidan eg stemte Frp, kjenner eg meg framleis som folk flest.

– Eg køyrer innom der eg er, og eg handlar like mykje i alle butikkane i kommunen.

– Eg trur ikkje framtida handlar om at folk køyrer heim, og så går eller syklar dei til butikken - folk køyrer innom, og dei følgjer med på kor prisane er gunstigast.

Varme replikkar på kryss og tvers

Harald Døsen (Ap) starta med å redegjera for Ap sitt ja i PBU;

– Vi har sagt ja til start av planprogrammet, men om ikkje konsekvensutgreiinga er grei nok, kjem vi til å seia nei. Dette var utgangspunktet vårt.

Døsen meinte òg at Lekven ikkje ville trenga å køyra rundt i heile bygda for å shoppa om det kom to daglegvarebutikkar på Moberg. Til Haugland kunne han fortelja at så snart reguleringsplanen var klar, ville det koma ein butikk på Halhjem òg.

Haugland (V) på si side minna kommunestyret på at dei på 16 år framleis ikkje hadde kome ein butikk på Halhjem, sjølv om han fleire gonger hadde fått høyra at den var «like om hjørnet». Haugland sin kommentar om at han såg fleire som kunne ha godt av å gå meir til butikken skapte reaksjonar i salen, og ordførar Søviknes måtte be om at man behandla kvarandre med respekt, då med ei tydeleg hentydning til interpellasjonen som skulle opp seinare i møtet.

Lekven (Sp) ville på si side ikkje ha som ettermæle at han var noko miljøsvin som reiste rundt i hele bygda og shoppa.

Han meinte at Døsen og Arbeidarpartiet tok seg noko fint inn i gjen i saka, men fyrte av følgjande;

– Bottom line, som dei seier borte statane, de i Arbeidarpartiet er ikkje til stola på. De seier ein ting, og så snur de i neste augneblink. Ordførar, Arbeidarpartiet er ikkje til å stola på i areal og landbrukspolitikk. 

Dette fekk Harald Døsen (Ap) til å ta replikk;

– Sa eg at representanten Lekven er eit miljøsvin?

Trine Lindborg (Ap) fekk siste ordet i debatten, og ho minna kommunestyret på kva saka handla om;

– Dette er ikkje ja til ein byggesøknad, dette er ei godkjenning av eit planprogram. Arbeidarpartiet har heile tida vore tydeleg på at om konsekvensutgreiinga viser at denne utbygginga ikkje er tilrådeleg, så er det nei frå oss i denne saka.

Innstillinga om å leggja planprogrammet ut på høyring vart vedteke med 25 røyster (Frp, H og Ap).

Fleire saker