Bygde Strønebrua i deig
I dag starta ankomsten av byggverk til peparkakebygda.
Bildeserie:
I fjor måtte du sjå peparkakebygda gjennom utstillingsvidauge på torget, i år blir Os peparkakebygd ei open utstilling i Apotek 1 sine tidlegare lokale i Brugata.
– Utstillinga blir open på ettermiddagar og i helgene når den er klar, fortel Jeanett Borgen Kallekleiv frå Os sentrumsforening.
– Barnehagar og skular som vil besøka peparkakebygda på dagtid kan ta kontakt, så opnar vi.
Peparkakebygda opnar fredag, i samband med julegrantenning. I dag starta ankomst og dekorering av lokala.
Mange bidragsytarar
Stine Kobbeltvedt frå kultureininga i Os kommune fortel om god oppslutnad om årets utstilling.
– Alle dei 18 barnehagane deltar, det gjer òg fleire skular og SFO-ar.
– I tillegg har vi fleire privatpersonar som har meldt ankomst. I utgangspunktet tar vi imot alle peparkakehusa i dag, men om nokon blir forseinka, eller ønskjer å kasta seg i bakinga i dag, er det berre å ta kontakt.
Saman med kollega Kristin Vangsnes Bøe er ho imponert over dei første husa som har kome inn.
– Folk har vore flinke og veldig kreative! No håper vi at vi klarer å bygga ei fin utstilling, og så gler vi oss veldig til opning fredag.
• Sjå òg: Konditor Hanne leverer hus i år òg
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.