Næringsliv | 20. sep. 2012

Bygger 20 hus på solsida

I desse dagar er Leigland Bygg sitt prosjekt i Hamnevegen ute på nabovarsling. – Målet er å byrja å selja no i haust, seier Mikal Leigland.

Bygger 20 hus på solsida
Desse teikningane (prosjektet til høgre) er no ute på nabovarsel. (Ill. Abo plan og arkitektur)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. sep. 2012 08:01

– Alt er i tråd med den nye reguleringsplanen, seier arkitekt Alice Bigom frå ABO plan og arkitektur.

Den nye planen inkluderer tre felt mellom Hamnevegen og Steinneset i Os sentrum. Midtsiden fekk vera med då Mikal Leigland, som har kjøpt den sørlegaste tomta av Hogne Eide, fekk sjå dei nye teikningane for første gong.

"Knadd form"

Leilegheitene i Leigland sitt prosjekt blir frå 67 til 92 kvadratmeter store.

– Det blir ikkje så stor variasjon arealet, vi vil satsa på hus som folk flest har råd til.

– Prisane kjem seinare, men eg vil tru at dei minste vil starta på knappe tre millionar kroner, seier Mikal Leigland.

Alice viser rominndelinga og fortel om variantar innan same storleik.

– Husværa er effektive i rominndelinga og kundane kan velja nokre veggar sjølv. Om dei vil ha ein knadd form kan dei få tre soverom også i husværa på 67 kvadrat.

Lyset frå fjorden

Prosjektet ligg på Haugsneset, "aust-om-elvo", der sola skin lengst i sentrum.

– Alle leilegheitene er orientert mot fjorden og ettermiddagssola. Dei som også vil nyta dei siste soltimane får ei fin lomme ved inngangen, ein liten tilleggs-terrasse mot nordvest, seier Alice.

At Alice og resten av ABO har kontor i nabobygningen, Vindu mot Fjorden, er ikkje noko Leigland berre er glad for.

– Eg er redd at ho kjem til å gå og trø oppe i prosjektet og henga seg opp i kvar minste detalj, humrar Mikal.

Ser ned på Irisgården

Prosjektet for innkjørsel frå Hamnevegen, rett ved Vindu mot Fjorden, og inn i eit garasjeanlegg som går under nesten heile bustadarealet på den rundt to mål store tomta.

– Det blir ikkje problem å få plass til 30 parkeringsplassar, men det vil kosta litt å opparbeida tomta, seier Leigland.

Over nedste del kjem fellesareal, så eit hus som står litt for seg sjølv, så eit lengre samanhengande bygg. Byggmassen har frå to til fire etasjar. Den nest høgaste får golv 15,2 meter over havskorpa, øvste etasje kjem til å ligga på kote 18,1. Til samanlikning er golvet i husværa på taket på Irisgården på kote 13,8.

– Er du litt atletisk, og legg til litt godvilje, kan du kanskje sjå den fantastiske solkysten i Fusa frå toppleilegheitene, ler Mikal, som er frå Strandvik.

Kan stå klar våren 2014

Nabovarsel er sendt ut og neste steg er levering av rammesøknad. Målet er å starta både salet og byggeprosessen no i haust.

– Vi har ein del som ventar på dette, osingar og andre har vore i meg og vist interesse for prosjektet.

Om alt går etter planen kan det bli innflytting første halvår 2014.

– Det kjem til å ta litt tid å gjera tomta klar, så vi reknar med å bruka 15 til 18 månadar frå byggestart til overlevering, seier Mikal Leigland.

Toppleilegheit til tomteseljar

Tomteseljar Hogne Eide, som ofrar bustaden sin og 80 år gamle Os Trevarefabrikk, er også nøgd med teikningane og det som blir han og kona sitt nye husvære på toppen av Leigland sitt prosjekt.

Les òg: Os Trevare på tampen

– Eg har vore kunde hos Hogne sidan starten vår i 1986. Det var han som kom til meg og spørte om eg var interessert i å gjera noko på tomta hans, fortel Leigland.

Eide held i desse dagar på med fabrikken sin siste produksjon, vindauge til lemstova på det historiske tunet på Lyngheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.