Lokal | 30. jan. 2017

Bygger 2,5 km med viltgjerde

Vil halda hjorten vekke frå komande E39 i Endelausmarka - fem år før opning.

Det blir no sett opp 2.460 meter med 2,45 meter høgt viltgjerde i Endelausmarka. (Foto: Geir Brekke, SVV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. jan. 2017 20:14

Den komande nye vegen mellom Svegatjørn og Rådal blir 11,8 km lang, der 10,7 km blir i tunell.

Mellom Skogafjellstunnelen (1,5 km) og Lyshorntunnelen (9,2 km) er Endelausmarka, 1,1 km med E39 i dagslys.

• Sjå video: Sånn ser det ut i Endelausmarka (19. januar 2017)

Her blir det no bygd 2,5 km med viltgjerde, både langskomande E39 og fv 163 frå Endelausmarka til Åsen.

– Det 2.460 meter lange gjerdet får ei høgde på 2,45 meter, skriv Statens vegvesen i dag.

Arbeidet starta før jul og blir utført av underentreprenør ØstCom AS frå Kongsvinger.

Det er mykje hjort i Endelausmarka, og mange nye skjeringar i fjellet i samband med vegbygginga, og viltgjerdet skal hindra at hjorten går utfor stup eller ut i vegbanen.

• Les òg: E39: Milepælane i 2017

Nye E39 skal ikkje opna før i 2022, men det er allereie mykje anleggstrafikk på staden.

• Alt om prosjektet: Midtsiden samleside E39 Svegatjørn - Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.