Lokal | 03. mai 2012

Bygger mur i Vikjo

Arbeidet med Mobergsvika er godt i gang. No har det også kome miljøteikningar som viser korleis det skal bli i Vikjo.

Bygger mur i Vikjo
Mobergsvika i dag. Miljøteikning over korleis det skal bli til St Hans innfelt. (Foto: Kari Marie Austevoll, skisse: Smedsvig)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mai 2012 15:24

I mai i fjor gav Os Sjøfront 1,5 millionar kroner til oppussing av Mobergsvika. Pengane blir gjeven frå StorBergen, Os Sjøfront-partnar Profier, og StorBergen sin samarbeidspartnar på Bjånes, LieGruppen.

Planen var å starta arbeidet i februar, i staden blei det i slutten av april.

– Men vi har framleis som mål å få Vikjo ferdig til St Hans, seier Espen Børhaug frå StorBergen Boligbyggelag.

Arbeidet med å bygga mur mellom fjøra og plenen er godt i gang. Samtidig har vi fått miljøteikningar frå arkitekt Smedsvik som viser korleis Vikjo skal ta seg ut når arbeidet er ferdig.

Betre tilkomst

– Det er kanskje ikkje så store endringar vi får til for 1,5 millionar kroner, men hovudmåla med arbeidet er å gjera Vikjo meir tilgjengeleg og å hindra erosjon, altså at den gamle muren skulle siga meir ut enn den allereie hadde gjort.

– No blir fjøra rydda og det kjem ein fin mur med god tilkomst, i tillegg til ein rampe så rullestolbrukarar kan koma seg heilt ut i sjøen.

– Så blir det opp til osingane å kosa seg i Vikjo og eventuelt bygga vidare på dette, seier Børhaug.

Her kan du sjå skisser og lesa intervju med Landro i BOF

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.