Bygger ny bane - på heimebane
– Eg var med far min og bygde gamlebanen òg, seier Hallgeir, i sluttspurten på oppdraget for Søre Neset il.


Bildeserie:
Søre Neset il bygger ny fotballbane, ein 7-arbane som skal stå klar til seriestart på tampen av april.
– I same prosjektet får vi sandvolleyballbane, ein ny bod til utstyr og tribune ned mot 11-arbanen vi har frå før, seier leiar for idrettslaget, Bjarte Aarvik.
– Sjølv om ungdomsfotballen og senior er slått saman med Nore Neset har vi behov for auka kapasitet. Søre Neset har framleis mange yngre lag og det er ikkje så små kull ved Halhjem barneskule og Lunde barneskule lenger.
Dekket kjem i april, allereie i slutten av februar skal entreprenøren ha banen klar for legging av grus. Lekven Entreprenør AS er hyra inn til denne jobben.
– Stort og kjekt prosjekt
Hallgeir Lekven, som er dagleg leiar i pappa Kjell Johan sitt firma, seier dette er eit av dei større prosjekta han har leia.
– I starten på 90-talet, då 11-arbanen blei bygd, var eg òg med. Då tok eg buss rett frå ungdomsskulen for å hjelpa pappa med gravearbeid.
Lekven har seks fast tilsette, men har leig inn både mobilt knuseverk og noko mannskap for å få unna jobben.
Krevjande terreng
Arbeidet på tomta starta i august.
– Det var enkelte store høgdeforskjellar her, rett ved ein knaus som stakk 7-8 meter opp var det 6 meter djupt.
– Men eg trur vi skal koma greit i mål. No held vi på med siste del av dreneringa, noko elektronikk og siste avrunding med pukk knust på staden.
Legg nytt dekke på gamlebanen i 2018
11-arbanen fekk kunstgras i 2003.
– Dekket har gjort sin misjon, vi har plan om å skifta til nytt kunstgras i 2018, fortel Aarvik.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.