Bygger ny Best-stasjon
Noregs største? Familien Tveit får nesten fire gongar så stor boltreplass, både i butikken og på verkstaden.
Gravearbeidet starta for to veker sidan. Bak Best-stasjonen og opp mot Fjellheim skal grunnen ned til bakkenivå, plant med dagens stasjon.
– I februar kjem sideveggane og bakveggen. Målet er å koma i hus i ny stasjon i løpet av året, seier Rolf Tveit.
Passeleg tid å satsa på
Rolf Tveit driv Best-stasjonen med driftsselskapet Os Servicesenter AS, det same selskapet som Tveit-familien dreiv Esso-stasjonen med i si tid.
Rolf eig selskapet saman med to av dei tre søstrene sine, Helga og Sonja.
– Vi får satsa no medan vi framleis har nokre gode år igjen i arbeidslivet, seier Rolf.
Blir nesten fire gongar så stor
Det er nokre år sidan Tveit-familien sikra seg tomta bak dagens stasjon.
– Teikningane vi no skal bygga etter blei godkjente i 2005, fortel Rolf.
Stasjonen skal bli nesten fire gongar så stor som dagens stasjon.
– Eg er ikkje sikker, men butikken blir kanskje Noregs største. Verkstaden blir også større, i dag har vi to bukkar, i nyestasjonen får vi 7 til 9 arbeidsbukkar, seier Rolf Tveit.
Kva andreetsjen skal brukast til er førebels ikkje bestemt.
Held ope heile vegen
Den nye stasjonen får fasade nærmare Fjellheim enn dagens stasjon.
– Den kjem om lag her med kjøleskapa, seier Rolf og viser på innsida av butikken.
Planen er å halda pumpene opne heile vegen, og på sikt flytta kiosken til brakker i byggeperioden.
– Heldigvis kan vi bygga mykje av nyestasjonen før gamlestasjonen treng å rivast.