Arbeidet med fylling og muring innanfor moloen på Steinneset starta før helga og er allereie godt i gang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bygger p-plass for bil og bubil

Arbeidet på Steinneset er i gang.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I desember 2014 kom Frp og Høyre i sitt budsjettframlegg med forslag om både å setja av 21 millionar kroner til bølgedemparar utanfor Os hamn, og å bruka éin million til bubilparkering på Steinneset.

Den første av bølgjedemparane kom som kjent på plass før jul i fjor, før helga starta bygginga av ny parkeringsplass, eit prosjekt som òg har vore innom fylkesmannen.

Parkeringsplassen ligg idyllisk til mellom båthamn, brygge og badefjøre, vestsvendt og solrikt i Os sentrum, med kort gåavstand til sentrumskjerna. 

18 bilar eller 9 bubilar

– Området er regulert til offentleg parkering, ikkje som bubilparkering, fortel kommunalsjef Aina Tjosås.

Det blir likevel lagt til rette for bubil, med vatn og straum. I alt blir det 18 parkeringsplassar.

– Grunna branntryggleik må eventuelle bubilar stå på annakvar plass, med luft imellom. Om det er ingen bilar på plassen får vi med andre ord plass til ni bubilar.

Parallelt blir det laga tømmestasjon ved Os kommune sin pumpestasjon ved sidan av vaskehallen til Esso, på motsett side av hamna.

Ferdig før 1. desember

Os kommunen utfører arbeidet i eigen regi, med eigen, kortreist stein.

– Vi har litt stein lagra. Eg lurer på om ikkje desse massene kjem frå arbeidet med ny hall på Kuventræ, seier Tjosås.

Maskinførarane til Os kommune er godt i gang med arbeidet, både med fyllinga og med muren i front mot sjøen.

– Det ser ut som om dei har fått ein god start. Men sidan vi utfører arbeidet sjølv kan det bli periodar med opphald, om maskinene eller folka må kommanderast ut på andre oppgåver.

– Målet er at både parkeringsplassane og tømmestasjonen skal vera ferdig innan 1. desember.

Bustadbygging og moglegstudie

Os kommune er ein av grunneigarane i området ved moloen aust for hamna. I samband med at kommunen har fått førespurnad frå Bjørnefjorden Utvikling AS om å inngå ein samarbeids- og opsjonsavtale for deira eigedom, blei det gjort vedtak i kommunestyret i desember i fjor om gjennomføring av moglegheitsstudie.

• Les òg: Dette bustadprosjektet kan utløysa studie av Steinneset

Denne studien startar fredag 15. september, med introduksjon, befaring og workshop.

– Bygginga av parkeringsplassen starta likevel, før denne studien er over, kvifor det?

– I framtida, etter studiet, kan det bli meir fylling i sjø. Men det arbeidet som vi utfører no ser vi på som eit mindre tiltak, seier kommunalsjefen.

 

 

Fleire saker