Lokal | 15. mars 2012

Bygger reir

Ungane frå i fjor er jaga frå Oselvo og svaneparet førebur seg på nytt kull.

Bygger reir
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. mars 2012 14:12

Svanefar Hamnesjefen ser ut til å vera i fin form etter behandling for blyforgiftning og romansen blomstrar framleis mellom han og svanefruen.

No er alle dei fem ungane vekke og paret har byrja å førebu reiret frå i fjor på årets kull.

– Første helga i mars såg eg at Hamnesjefen dreiv og jagde dei siste ungane vekk frå området rundt reiret, og sidan har eg ikkje sett ungane. Det er tydeleg at paret no vil ha tid for seg sjølv, seier Sølvi Bugge.

Sølvi, som held på å laga bok om svanene, følgjer livet i Oselvo frå dag til dag frå kontorvindauget hennar på legekontoret i Landboden.

– Svaneparet er her kvar dag og dei har tydelegvis godt syn, for berre dei ser meg i vindauget så kjem dei bort til kaien.

– Gje svanene fred!

Svanene bygger reir på austbredden av elva. Sølvi er opptatt av at dei også i år får fred til verping og ruging.

– Eg synes det er så fint og spesielt at desse svanene kan fø opp ungane sine her i Oselvo, at eg håper dei får fred til denne prosessen også i år.

Kor fredeleg den dominerande hannen blir når nye ungar er på elva er eit anna spørsmål. Hamnesjefen var ikkje til å spøka med i fjor sommar, der den jagde alt frå cabincurisarar til ungar i småbåtar.

Kor tid kjem ungane?

Knoppsvane (cygnus olor) er Danmarks nasjonalfugl og ein av tre svaneartar i Noreg. Dei to andre er dvergsvane og sangsvane. Knoppsvane kan lettast skiljast frå sangsvane ved lyden av vengjene, knoppsvanene gjev frå seg ein susande lyd når den flyr.

Knoppsvanene legg vanlegvis 4 til 7 egg i starten av mai. Etter ein dryg månad klekker ungane ut.

Det blir med andre ord kanskje endå fleire ungar i Os hamn i år.

Bly og forureining

Hamnesjefen blei tidlegare i vinter fanga og behandla for blyforgiftning. Minst éin av ungane var også forgifta, men denne hadde ikkje symptoma faren hadde og har ikkje blitt behandla.

Kjelda til blyforgiftinga er heller ikkje funnen, men brannsjefen i Os har engasjert seg i saka.

– Rådgivende Biologer kjem til Os rett over helga og dei vil ta analyser av beiteområde, seier Stein Gjøsund.

Årsaka til forgiftinga kan like gjerne vera at svanene har ete eit blysøkke nokon har mista i elva eller langs elvebreidden.

– Vi synes likevel at vi skal gjera visse undersøkingar i og rundt elva, så får vi sjå om vi kan stadfesta, eller avkrefta, at elva er forureina, seier Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.