Næringsliv | 17. sep. 2015

Bygger'n har reist seg

Opnar butikk og trelast til våren.

Bygger'n har reist seg
Onsdag blei taket lagt på nybygget i Industrivegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. sep. 2015 06:35

I fjor haust blei det klart at E. A. Smith AS, som blant anna eig Bygger'n-kjeda og Hiba Hus, har leigd ei 4,9 mål stor tomt i Industrivegen for å gje Bygger’n comeback i Os.

Bygger’n hadde butikk i Os frå 1998 til 2011, men så skifta Os Byggsenter kjede. No kjem kjeda tilbake i same gate.

Opnar til våren

Dei siste to vekene har stålrammene reist seg og i går kom taket på.

– Vi opnar til våren. Opningsdato er førebels for tidleg å bestemma, seier administrerande direktør i E. A. Smith AS, Christina Kjeldsberg.

5-6 stillinger

E. A. Smith søkjer i desse dagar etter dagleg leiar til varehuset.

– Søknadsfristen har nettopp gått ut og eg har vore på reise, så eg veit ikkje kor mange søkjarar vi har.

– Når dagleg leiar er på plass vil vi gå ut og søkja etter fleire folk. I alt blir det 5-6 stillingar på Bygger’n Os, i tillegg til nokre ekstravakter.

Om Bygger'n:

• Bygger'n er ein landsdekkande byggevarekjede med cirka 100 butikkmedlemmar frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord.

• Kjedekontoret blei etablert i 1991.

• Samla omsetnad i 2012, i sisteledd, var på 3,9 milliardar kroner.

• Bygger'n Norge, kjedekontoret, er eigd av E. A. Smith AS.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.