Næringsliv | 19. aug. 2010

Byggestart er vedtatt

Styret i Os Sjøfront har denne veka bestemt seg for å starta byggearbeidet snarast mogleg.

Byggestart er vedtatt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. aug. 2010 05:20

- Vi har selt rundt 40 prosent av husværa i dei to første av dei fire blokkene som kjem på kaien, og styret har vedtatt at vi no går i gang, seier dagleg leiar i Os Sjøfront AS, Tor Inge Døsen til Midtsiden.no.

Byggearbeidet startar så snart det er praktisk mogleg, truleg allereie i september.

- Vi er i kontrakstforhandlingar med Veidekke om totalentreprise. Pælane til kaien, som blokkene skal stå på, må kjøpast og tranporterast frå eit stykke nede i Europa, så dette kan ta litt tid.

Startar med to av fire blokker
Dei fire planlagte blokkene får til saman 84 husvære. I utgangspunktet skulle selskapet selja rundt 40 av desse før byggestart, no nøyar dei seg med 16 av dei 40 H- og I-blokka rommar.

- Vi startar med å bygga kaiplata og dei to blokkene nærmast Oseana, H og I.

Desse er selt til no:
H-blokka, nærmast Oseana, (4 av 18): Ingen av 4 i 1. etasje, 1 av 4 i 2. etasje, 2 av 4 i 3. etasje, 1 av 4 i 4. etasje og ingen av 2 i 5. etasje.

I-blokka (12 av 23): 4 av 5 i 1. etasje, 4 av 4 i 2. etasje, 1 av 5 i 3. etasje, 1 av 5 i 4. etasje og 1 av 3 i 5. etasje.

- Sidan vi førebels ikkje har selt nokre av dei to store, eksklusive husværa i toppen av I-blokka vurderer vi å teikna om til fleire mindre.

Men selskapet har nokre interessentar også på desse, så det er framleis mogleg at nokon slår til på rundt 150 kvadratmeter til 8-9 millionar kroner.

- Ny fase
Blokkene skal byggast på ei 4000 kvadratmeter stor kaiplate med ein 2000 kvadratmeter stor strandpromenada mellom husveggen og sjøen.

Dette kaianlegget må byggast i eitt, ein kostnad og risiko styret og bankane er klare for å ta.

- Prosjektet går no inn i ein ny fase, og vi har nok ein del interessentar som ser med glede på at vi no set i gang, noko som også kan ha innverknad på salet framover, trur Døsen.

Nokre av dei til no 16 kjøparane har dessutan atterhald i kontrakten på byggestart innan 31. desember i år, noko som gjer byggestarten til meir enn eit viktig signal til komande kjøparar.

- Sånn er det i alle store prosjekt, folk nølar litt med å gjera ei slik investering når dei ikkje har garanti for at det blir realisert. Derfor skal det bli godt for oss å setja spaden i jorda og pælane i sjøen.

Vising kvar veke
Os Sjøfront har hatt ope kontor på gjestebrygga i Os i heile sommar, og hatt visingar i området kvar veke.

- Det kjem vi til å halda fram med utover hausten. Vi har hatt rolege dagar og det har vore travle tider, som i dag, seier eigedomsmeklar Hege Holvik.

Ventar på bergensarane
Onsdag hadde ho mange innom kontoret, for det meste folk frå Os.

- Vi ventar litt på folk frå Fana og Bergen, vi treng nok fleire av dei for å selja alle dei fire blokkene, seier Tor Inge Døsen.

Båtar må flyttast
Den nye moloen skal forlengast, i første omgang med bølgebrytarar som skal på plass for «testligging» gjennom vinteren.

- Kor tid kjem desse på plass?

- For å seia som Gro Harlem Brundtland, ingenting er klart før alt er klart. Det er bestemt at vi skal kjøpa desse, men vi ville ikkje bestilla før desse brikkene rundt byggestart kom på plass.

Os Sjøfront skal i samarbeid med Os kommune også bygga om fiskerihamna. Det betyr at delar av området på innsida av den gamle moloen skal fyllast med stein.

- Båtane som ligg innanfor moloen må no vekk, opplyser Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.