Næringsliv | 16. nov. 2017

Byggestart for Fløysand

Fløysand Tak får ny kontorfløy ned mot E39.

Byggestart for Fløysand
Den bratte tomta mellom dagens bygg og E39 blir no gravd ut. Nedst ser du kontorbygget som skal stå klart våren 2018. (Foto: KVB, ill.: Abo)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. nov. 2017 10:55

Bildeserie:

Kart over eigedomen, som i utgangspunktet er to tomter. (Kartios.no)
Kart over eigedomen, som i utgangspunktet er to tomter. (Kartios.no)
Flyfoto frå 2012, før Svegatjørn blei tappa. (Foto: KVB)
Flyfoto frå 2012, før Svegatjørn blei tappa. (Foto: KVB)
Tomta i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tomta i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her får Fløysand 15-20 nye kontor. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Her får Fløysand 15-20 nye kontor. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Kontora kjem langs E39, ved Skogafjellstunnelen og ny veg til Bergen. (Ill.: Abo)
Kontora kjem langs E39, ved Skogafjellstunnelen og ny veg til Bergen. (Ill.: Abo)
Bygget kjem under bakkenivå i forhold til dagens bygg. (Ill.: Abo)
Bygget kjem under bakkenivå i forhold til dagens bygg. (Ill.: Abo)
1 av 6

Fløysand Tak har lenge hatt ønskje om, og behov for, utvida kapasitet i Industrivegen 63.

– Vi treng betre kontor- og møtefasiliteter, seier gründer og hovudaksjonær Gudmund Fløysand.

Selskapet er i vekst, og har nyleg utvida verksemda både i Trøndelag og i Sunnhordland.

Kan samla fleire firma

– Os Blikk og Fasade treng også større verkstad, då oppdragsmengda deira er aukande. I tillegg er firma frå fleire andre fag i kontakt med oss med ønskje om å leiga. Vi ser på denne formen for samlokalisering som ein fordel, blant anna fordi det kan føra til samarbeid om totalpakkar som marknaden ofte etterspør.

Det tok tid å få godkjent rammeløyve, men i november 2014 var dette på plass.

I september i år blei det søkt om, og godkjent, igangsetjingsløyve, og no er bygginga i gang.

15-20 nye kontor ved ny E39

Abo plan og arkitektur har teikna og søkt om løyvene, LAB er hovudentreprenør.

Nordvestenden av tomta, mellom eksisterande bygg og E39 ved det som blir starten på nye Svegatjørn-Rådal når denne opnar i 2022, er i ferd med å bli gravd ut. På tomta var det tidlegare parkeringsplass.

– Bygget blir på rundt 360 kvadratmeter og vil gje oss 15-20 nye kontor og møterom.

Bygget kjem under bakkeplan på eksistarende bygg, under det som tidlegare var parkeringsplass, med heissjakt opp til øvre gateplan. Utbyggar vurdera å søkja om ei endringsmelding for å skapa tørrskodd tilkomst mellom nybygg og eksisterande byggmasse.

Det nye kontorbygget skal stå ferdig våren 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.