Byrjar å sjå effekten
Hjortejakt og statistikk for 2013: Tiltak for reduksjon av bestanden ser ut til å ha effekt.
I 2011 blei det felt 152 hjortar i Os medan i 2013 var talet 191, omtrent det same som året før.
I mai 2012 bestemte Os kommunestyre at minstearealet skulle redusert frå 600 til 450 dekar.
Samtidig utvida Direktoratet for naturforvaltning jaktsesongen, som tidlegare var frå 10. september til 15, november, til ny jakttid; 1. september til 23. desember.
- Vi byrjar å sjå effekten av dei tiltaka som blei gjort for å få ned bestanden av hjort i Hordaland, seier Johan Bergrud fra landbrukskontoret for Os og Fusa.
Gjekk ned i vekt
Bergrud trur dei har klart å stoppa veksten av hjortebestanden som har vore på 2000-talet.
Om hjortebestanden hadde fått halda fram å auka så kunne det ha ført til større skade på landbruk og fleire påkjørslar.
- Og hadde det blitt ei enda større vekst så kunne det ført til matmangel blant hjorten.
Bergrud fortel at slaktvekta på hjort i Hordaland har vore på veg ned dei siste ti åra, noko som kan tyda på at bestanden har vore for stor.
Her er ei oversikt over felte hjortar i Os fordelt på dei forskjellige hjortevalda i kommunen:
Vald Tildelt Felt kalv* Felt kalv** Felt 1 ½ år* Felt 1 ½ år** Felt eldre* Felt eldre** Felt totalt Prosent felt Austre Osbygda grunneigarlag 46 2 4 7 5 10 7 35 76.09 Gåssand hjortevald 5 0 1 1 0 1 2 5 100 Kalvatræ hjortevald 2 0 0 0 0 0 1 1 50 Haugland hjortevald 10 0 3 1 0 2 4 10 100 Moldegård hjortevald 2 0 1 0 0 0 1 2 100 Øvredalen hjortevald - V23 23 0 3 1 0 2 3 9 39.13 Os Vest Hjortevald 150 13 17 23 12 25 39 129 86 TOTAL 238 15 29 33 17 40 57 191
* Hanndyr
** Hodyr