midtsiden

Campingkongane

Han starta i februar med fire bubilar i utstillinga. Til no har Oddgeir Bjoarvik selt 18 campingvogner og bubilar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Til no i år har Bjoarvik Bil selt 8 bubilar til rundt 600.000 kroner per bil i snitt, og 10 campingvogner, dei fleste for mellom 150.000 og 200.000 kroner per vogn.

- Dette er eit godt stykke over det vi hadde venta. Ni av vognene og bubilane skal leverast før påske neste år. Det er første gong vi startar eit år med pluss i rekneskapen, seier Bjoarvik.

Tre viktige bein
I 2001 starta Bjoarvik med sal av nyare bruktbilar. Salet har halde seg stabilt på rett over 100 bilar i året, bubil og campingvogn har ved sida av bilverkstad blitt nok ein fot å stå på.

- Alle områda er viktig for oss. Camping har høgsesong frå påske og eit halvt år fram, så då bruker vi noko mindre tid på sal av personbil.

- Men vi held fram med sal av personbilar som før, presiserer han.

Anten eller
Bjoarvik Bil er ein rein Adria-forhandlar. Adria er det 6. mest selte merket på bubil i år og det 2. mest selte merket på campingvogn.

- Vi var med Adria på messe på Lillestrøm og selte tre bubilar og éi vogn, alle til kundar i Hordaland. Dei fleste reiser eit stykke for å handla, men vi har også selt til ein osing, fortel Erlend Lekve, som jobbar for Oddgeir med sal av bil, bubil og campingvogn.

Om reisemåla og livsstilen til camparar kan vera lik er kundane ifølgje Oddgeir ganske forskjellig.

- Dei fleste er veldig bestemt, anten skal dei ha vogn eller så skal dei ha bubil. Unge og barnefamiliar kjøper vogn, eldre kjøper bubil. Den eldste vi har selt bubil til er 83 år.

- Men vognkundane og bubilkundane har også noko til felles, dei er alle veldig sosiale menneske, folk som liker å reisa saman med andre og som har tid til å slå av ein prat når dei er og handlar. Det er veldig kjekke folk å få innom i Jordmorsvingen, synes Bjoarvik.

Campingbutikk og campingverkstad
Utviding i sortiment og den gode starten har også kosta. Bjoarvik eig utstillinga si sjølv, i tillegg har Bjoarvik Bilverkstad spandert på seg nytt utstyr, utvida port og ny kompetanse.

- Verkstaden er tilpassa sånn at vi kan ta service på bubilar og campingvogner. No jobbar vi med å også få status som merkeverkstad på Fiat, som 80-90 prosent av bubilane I Noreg har som chassis. Då kan vi ikkje berre ta oss av sjølve bueininga, men heile bilen. Og kundane slepp å reisa langt eller fleire ulike plassar for å få orden på den rullande feriebustaden sin.

På sikt ser også Bjoarvik for seg at han vil ha vognene og bubilane utstilt under tak.

- Neste år bør vi selja 25-30 bubilar og campingvogner. Vi bør allereie no starta planlegginga av tilbygg, så vi kan få alt under tak.

- Det vi tar i første omgang er butikk, vi skal ha inn eit bra utval varer for camparar, frå møblar og telt til varme og kjøleutstyr. Denne kjem på plass i eksisterande lokale no i vinter, fortel Oddgeir Bjoarvik.

Fleire saker