Næringsliv | 06. juni 2019

Carfix-kjeda veks på heimebane

Morten Bøe er med vidare i Torgeir Lyssand si satsing.

Carfix-kjeda veks på heimebane
MB-bilkompetanse i Os sentrum blir denne veka omprofilert til Carfix. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. juni 2019 08:32

I 2016 skreiv vi om Torgeir Lyssand si satsing på ei lita kjede med bilverkstadar og dekkutsal, i 2017 fekk kjeda og holdingselskapet namnet Carfix AS.

No har Carfix kjøpt Morten Bøe sin verkstad, MB-bilkompetanse AS, med lokale ved sidan av Esso i Os sentrum, og stifta nytt selskap.

– Dette blir vår verkstad nummer åtte i rekka, seier eigar av kjeda, Torgeir Lyssand.

I denne veka blir verkstaden omprofilert.

– Ein kompetanse heile kjeda får nytte av

MB-bilkompetanse har omsett for rundt 6 millionar kroner i året og gått med overskot 4 av dei 5 siste åra.

Morten Bøe er med vidare, både med ein eigarpost og som fagmann.

– Vi er veldig glade for å ha Morten med vidare. Hans spesialkompetanse innan feilsøking, kombinert med mekanisk kunnskap og erfaring, er noko heile kjeda vår vil ha nytte av.

– Ved sidan av å vera operativ i verkstaden skal han inn i Carfix Technology, eit eige selskap i kjeda som har fokus på nettopp det å halda organisasjonen fagleg oppdatert, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.