Lokal | 02. okt. 2019

Christian laga fest for 3.500

Osingen Christian Hjelle snudde minus til pluss ved Universitetet i Stavanger.

Christian laga fest for 3.500
Ein stødig osing i Stavanger. Christian Hjelle har laga fest for 3.500, og snudd minus til pluss. (Foto: Håvard Tanche-Larsen Knutsen) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 02. okt. 2019 13:26

Christian Hjelle er 22 år gamal og student ved Norsk Hotellhøgskole, som er ein del av Universitetet i Stavanger.

Det siste året har han i tillegg jobba som Faddersjef for Universitetet i Stavanger.

Då han overtok som sjef hadde fjorårets fadderfest ved campus drege på seg eit undeskot på over 600.000 kroner, og ordet skandale vart brukt for å oppsummera arrangementet.

Studentane sitt øvste organ, studentparlamentet, gjorde i ettertid av underskotet endringar i økonomireglementet, som då gav faddersjefen eit endå større ansvar for at økonomien skulle vera i balanse.

Melder inn overskot

Organisasjonen Fadder sysselset over 800 personer, kor 60 personar er mellomleiarar.

Fadderfestivalen 2019 hadde et budsjett på 2.583.000 kroner.

No kan Hjelle, som har hatt totalansvaret for festival og studiestart-veke for over 3.500 personar, leggja fram ein rapport som viser eit overskot på 280.000 kroner.

Rapporten skal Hjelle leggja fram for Studentparlamentet ved Universitetet i Stavanger.

Stolt

– Vi er utruleg stolte over å få kunne levera eit slikt resultat, seier Hjelle.

– Fjorårets fadderfest på campus blei eit pengesluk, men i år har vi halde god budsjettdisiplin med gode marginer.

Hjelle fortel at etter underskotet i fjor betalte Studentorganisasjonen (StOr) mesteparten, men Universitetet i Stavanger (UiS) tok også 30 prosent av rekninga.

– På denne måten vart ikkje årets festival skadelidande av det som skjedde i fjor, fortel Hjelle.

– Vi fekk starta med blanke ark, og kunne då gjera ein solid gjennomgang av ansvarsfordeling og organisering av festivalen. Resultatet vart ein festival i pluss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.