Lokal | 03. apr. 2011

Cobra opp i røyk

Båtføraren berga seg over i ein annan båt før vraket sokk i Korsfjorden. (Ill. foto)

Cobra opp i røyk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. apr. 2011 13:04

I 13.30-tida søndag fekk Hovedredningssentralen melding om båtbrann i Korsfjorden. Ein 28 fot stor Cobra sto i full fyr.

- Det var éin person i båten. Han er tatt uskadd om bord i ein annan båt som kom til, fortel operasjonleiar Ragnar Lyssand ved Hordaland politidistrikt til bt.no, som også har bilde frå brannen.

Losskøyta «Los 108» var lengre ute i Korsfjorden i anna oppdrag og kom til staden etter 20 minutt. Då var fleire andre fritidsbåtar på staden.

Losskøyta har sløkkeutstyr og fekk sløkt brannen, men båten var totalskadd og sokk.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.