Kultur | 07. des. 2015

Colanissen tar to stopp i Os

Tysdag kveld og nesten heile dagen onsdag kan du møta Coca Cola-nissen og lastebilen hans.

Colanissen tar to stopp i Os
Colanissen hadde snø då han besøkte Røykenes i 2013. Tysdag og onsdag er han i Os igjen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. des. 2015 09:41

Onsdag kjem Coca Cola-nissen til Meny.

– Det er sikkert 8-10 år sidan sist. Dette gler vi oss til, seier butikksjef Jahn Ingolf Lyssand.

Han vil sperra av ein liten del av parkeringsplassen for trygg ferdsel dei fem timane nissen er der. I tillegg riggar han opp grill utandørs og køyrer kundekveld i butikken.

– Nissen er her frå 13 til 18, i butikken har vi 10-15 leverandørar på plass med demo. I tillegg til at Coca Cola også har stand under tak.

Pitstop på Røykenes

USA-inspirerte Er-An Veikro har hatt Coca Cola-nissen på uoffisielt besøk to år på rad.

– Vi har vore heldige og fått han innom her på veg mellom Åsane og besøk i sør. Men sidan han allereie hadde eit stopp i Os så har vi ikkje ringt han sjølv, fortel Linda Andersen frå Er-An Veikro.

I staden ringte nissen sjølv.

– Han ville innom på medisterkaker som i fjor og 2013, så det blir eit lite besøk her i 19-20-tida tysdag, før han skal til Industrivegen og stilla seg opp til onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.