Kjell Arne Haringstad (trommer), Steinar «Lightsand» Lyssand (gitar og vokal) og Torbjørn «Timmy» Kristiansen (bass) speler saman igjen for første gong sidan 2015. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Comeback av Blue Note Shuffle

Skal på scenen saman - etter at Steinar bladde gjennom kona sin telefon.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det er ti år sidan dei spelte saman for første gong, Steinar Lyssand (gitar og vokal), Torbjørn «Timmy» Kristiansen (bass) og Kjell Arne Haringstad (trommer). I 2011 kom første spelejobb på Peppes, som seinare blei Steinar si leikegrind, med påskeblues og romjulsblues år etter år.

Dei hadde ganske tett med spelejobbar, og var hausten 2012 i Nashville og spelte inn debutalbumet «The Way Home», men så gjekk Steinar Lyssand solo, der han med artistnamnet «Lightsand» i 2017 kom med debutalbumet «Monday Morning Call» (video frå sleppefesten).

– Steinar er yngre enn oss, og ein ambisiøs musikar. Vi måtte sleppa han laus ei stund, seier veteranen «Timmy».

Laurdag står dei på scenen på Baronessen i Os sentrum. Med unntak av då dei delte scene med Lothepus på 4. juli-fest på Er-An Veikro i 2015, er det fem år sidan sist dei spelte saman.

– Kva var det som fekk bandet saman igjen?

– Det var tilfeldig. Eg øydela mobiltelefonen min, fortel Steinar, som om det forklarer noko som helst.

– Eg måtte låna kona sin gamle telefon, og blei sitjande å bla litt i bildene og videoane hennar. Det var mange fine minne, i tillegg til video frå då vi spelte på bluescruise på MS Midthordland ein sommar.

– Då tenkte eg «dette swinga jo skikkeleg bra, kvifor held vi ikkje på med dette lenger?».

– Fleire grunnar til å le

Bandet blei booka til spelejobb på Baronessen, og før påske var første øving. Måndag var Midtsiden innom på øving nummer to (sjå smaksprøve i videoruta nedst i artikkelen).

– Ingen av låtane våre er beint fram, alle har sine finesser og detaljar. Likevel sat alt i fingrane, første låt var så god at vi berre måtte le då vi hadde spelt den ferdig! fortel Haringstad.

På spørsmål om kva låtar dei skal spela byrjar alle tre å le igjen.

– Vi skreiv litt om på nokre av låtane då vi var i studio i Nashville, men ny tekst blei aldri skriven inn på data. No må Steinar sitja å lytta seg gjennom låt for låt for å skriva teksten på nytt, humrar Kjell Arne.

Dei ler endå meir når Midtsiden spør om mengde låtar. Bandet har spelt ein del coverlåtar, og på debutalbumet hadde dei tolv eigne spor. I tillegg har dei minst like mange låtar som ikkje er spelt inn.

– Låtane som vi ikkje har spelt inn hugsar vi ikkje namnet på! Men vi har byrja å rekonstruera litt, så lenge vi hugsar ei strofe eller to, så kjem resten av songen, kanskje til og med tittelen, seier Kristiansen.

Bandet reknar med at dei rekk éi øving til før laurdagens konsert. Sidan det meste som skal sitja i fingrane sit som spikra, kjem kanskje siste øving til å handla om å grava i den djupaste enden av tekstarkivet.

Blue Note Shuffle 2019 from Midtsiden on Vimeo.

Fleire saker