Næringsliv | 23. juli 2018

Coop vil utvida i Os sentrum

Frå 3500 til 5000 varer: Huseigar har kjøpt nabolokalet, Coop ønskjer å gå frå Prix til Extra.

Coop Prix vil truleg bli utvida til Extra i løpet av 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. juli 2018 11:12

Coop i Os sentrum kan bli utvida med rundt 100 kvadratmeter og få endra konsept frå Coop Prix til storebror Extra.

– Med låge prisar og veldig stort sortiment har Coop Extra vore ein vinnar i marknaden i fleire år. Derfor ønskjer vi å utvida og omprofilera ein del av Prix-butikkane våre, seier regionsjef Dag Augheim til Midtsiden.

Kjøpte ein etasje av Tønjumgården

Augheim fortel at huseigar Midtpunkt AS ved Sverre Olsen har kjøpt ein etasje av nabobygget Tønjumgården.

– Vi er i dialog om utviding av butikken, men her er ein leigetakar frå før, og det skal først avklarast med dette selskapet.

Midtsiden har ikkje lykkast med å nå seljar av etasjen, Rune Tønjum.

I dag er det motebutikken Borg Vêr som held til på gateplan i Tønjumgården.

– Eg har leigekontrakt til august 2019, og reknar ikkje med å få fornya denne etter det, så eg har byrja å sjå etter nytt lokale, seier innehavar Jeanett Borgen Kallekleiv.

Aukar frå 3500 til 5000

Ei endring frå Coop Prix til Extra vil føra til ei stor auke i vareutvalet.

– Prix har 3500 varelinjer, Extra har 5000, fortel Augheim.

– Held det med 100 nye kvadratmeter for å endra frå Prix til Extra?

– Ideelt sett skulle vi hatt endå større lokale, men å finna 1000 ledige kvadratmeter på gateplan i Os sentrum er ikkje enkelt.

– Vi ønskjer å utvikla oss der vi er, og har trur på framtida i Os sentrum, med den veksta det er lagt opp til i mengda bustadar i sentrumskjerna.

I Lille Øvregaten i Bergen endra dei ein Prix til Extra i slutten av mai i år.

– Denne butikken er på berre 520 kvadratmeter, men har allereie opplevd formidabel vekst.

Det er ikkje sagt noko om tidspunkt for kor tid butikken kan bli bygd om.

– Som sagt skal det avklarast mellom huseigar og leigetakar på naboarealet. Det blir truleg i 2019 at Prix kan bli Extra i Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.