Kultur | 02. sep. 2018

Cowboy for ein dag

Bildeserie: Godt besøk har dei hatt før, men fint vêr er sjeldan vare for Bondens Dag.

Cowboy for ein dag
Publikum fekk prøva å amma tvillingkalvane til Jostein Gåssand (t.v.), Marcus og Martinus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. sep. 2018 08:00

Bildeserie:

Fint vêr og mykje folk på Kyrkjeflaten. (Foto: KVB)
Fint vêr og mykje folk på Kyrkjeflaten. (Foto: KVB)
Selskapssjuk sau. (Foto: KVB)
Selskapssjuk sau. (Foto: KVB)
Ender var òg i utvalet. (Foto: KVB)
Ender var òg i utvalet. (Foto: KVB)
Kvar kjem høna til å skita? (Foto: KVB)
Kvar kjem høna til å skita? (Foto: KVB)
Bingo skapte engasjement. (Foto: KVB)
Bingo skapte engasjement. (Foto: KVB)
Klapp og kos. (Foto: KVB)
Klapp og kos. (Foto: KVB)
Elias (12) og morfar. (Foto: KVB)
Elias (12) og morfar. (Foto: KVB)
Marcus og Martinus kunne ikkje få nok. (Foto: KVB)
Marcus og Martinus kunne ikkje få nok. (Foto: KVB)
Åsmund Lien selte og signerte jubileumsboka frå i fjor. (Foto: KVB)
Åsmund Lien selte og signerte jubileumsboka frå i fjor. (Foto: KVB)
Landleg i Landboden. (Foto: KVB)
Landleg i Landboden. (Foto: KVB)
Svale (3) med mamma og tante for å selja skinnfell frå Bø. (Foto: KVB)
Svale (3) med mamma og tante for å selja skinnfell frå Bø. (Foto: KVB)
Øvreeide Gard dreiv kafé. (Foto: KVB)
Øvreeide Gard dreiv kafé. (Foto: KVB)
Sauebonde Anders Tveite (t.v.) på stand hos Osøyro Kolonial. (Foto: KVB)
Sauebonde Anders Tveite (t.v.) på stand hos Osøyro Kolonial. (Foto: KVB)
1 av 13
Fint vêr og mykje folk på Kyrkjeflaten. (Foto: KVB)
Selskapssjuk sau. (Foto: KVB)
Ender var òg i utvalet. (Foto: KVB)
Kvar kjem høna til å skita? (Foto: KVB)
Bingo skapte engasjement. (Foto: KVB)
Klapp og kos. (Foto: KVB)
Elias (12) og morfar. (Foto: KVB)
Marcus og Martinus kunne ikkje få nok. (Foto: KVB)
Åsmund Lien selte og signerte jubileumsboka frå i fjor. (Foto: KVB)
Landleg i Landboden. (Foto: KVB)
Svale (3) med mamma og tante for å selja skinnfell frå Bø. (Foto: KVB)
Øvreeide Gard dreiv kafé. (Foto: KVB)
Sauebonde Anders Tveite (t.v.) på stand hos Osøyro Kolonial. (Foto: KVB)

Laurdag var det fleire barne- og familievenlege arrangement i Os, frå snekring av småbåtar på Oselvarfestivalen til Barnas Dag på Kuventræ og møte med gardsdyr på Kyrkjeflaten under Bondens Dag.

– Eg trur alle har hatt godt besøk. Her i sentrum og på Kyrkjeflaten har det i alle fall vore mykje folk og mange nøgde utstillarar, seier leiar i Os Sentrumsforening, William Lindborg.

Sentrumsforeninga hadde saman med Os Bondelag rigga klart til gratis frukost. Med lettskya vêr hadde dei rekna med 150 gjestar, men det kom over 230.

– Vi hadde nok av det meste, men henta litt påfyll av drikke.

Sauebonde Anders Tveite hadde ikkje med seg dyr, men kjøt frå slakta som nett har kome i gang. Han sto hos kunde Osøyro Kolonial og serverte Taco-Os, lam i nanbrød.

– Eg har nokre privatkundar frå før, Osøyro Kolonial er einaste proffkunde. Silja (Døsen Moberg) er kvalitetsbevisst, og med på å skjerpa produsentar som meg. I dag er det kjekt å vera ute og møta sluttbrukar, seier Tveite.

Kos og konkurranse

Det var utvida program og mange gode utstillarar til årets Bondens Dag. På Kyrkjeflaten var ender, høner, sauar, grisar og hestar som gjestane kunne klappa.

Kamilla viste vinnarkalven, frå garden til Martin Lyssand. Mie viste ein kalv frå Rune Lekven, som fekk 2. plass på kalvesjå. Etterpå fekk tilskodarar lov å amma Marcus og Martinus, to tvillingkalvar frå Søfteland.

– Dei kan hoppa og dansa, men ikkje synga, seier bonde Jostein Gåssand.

Han hadde med seg barnebarnet Elias (12) som hjelpar.

– Eg liker å hjelpa til med dyrene, ikkje berre her, men heime på garden til morfar, seier Elias, også han med cowboyhatt.

Hønedritebingo samla mykje folk, og skapte bra engasjement, men mykje handla berre om klapp og kos.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.