Crazy krise på Island
– Som ei blanding mellom muppetshow og Monty Python.
Måndag etter vinterferien kjem Riksteateret til Os.
Det er dokketeateret ”SAGA”, av det New York-baserte dukketeaterkompaniet Wakka Wakka og Figurteateret i Nordland, som er på vegen.
Wakka Wakka er kjende for sitt overdådige og underhaldande figurteater som får sjølv vaksne menn til å grina av latter.
Kompaniet sin nyaste produksjon, SAGA, vart belønna med årets «Drama Desk Award» i 2013.
- Her er det både humor og alvor om eit fag og ein epoke du kjenner så alt for godt, seier Astrid Heggland frå Oseana kunst og kultursenter.
Blodhevna som rår
Stykket handlar om Gunnar Oddmundson, som drøymde om suksess og hadde store planar for framtida, men så kollapsa den islandske økonomien og sette verdsrekord i nasjonal bank-konkurs.
Då familien forlet han og banken trugar med å ta huset og bilen, vekkast ætta sine heltar til live. Opprørets time er komen, og no er det blodhemna som rår.
- Du berre MÅ sjå!
Ein av dei større humorekspertane i Noreg, Tom Sterri, seier dette om framsyninga:
«Så skulle jeg altså havne på figurteater her i Tromsø. Jaja, sikkert artig tenkte jeg. Så blir jeg slått i bakken av en presisjon, timing og dyktighet jeg sjelden har sett. Masse herlig humor i en sterk historie fortalt med dukker som jeg faktisk sitter og tror på! Skjønner godt denne gjengen har fått flere internasjonale priser. Dette MÅ oppleves.»
Wakka Wakka har tidlegare mottatt ei rekkje prisar og gode kritikkar for framsyningane «Fabrik» og «Baby Universe», som begge har vore på turné i Noreg.
SAGA er støtta av Kulturrådet, Nordland Fylkeskommune ved Figurteatret i Nordland, New York State Council on the Arts, The Eugene O'Neill Center og The Jim Henson Foundation.
- Er du økonomistudent, lærar eller jobbar med finans er dette eit stykke du berre MÅ sjå, seier Astrid entusiastisk.