13. feb. 2023

Cup-prisar til Nore Neset og Os

Begge klubbane blei heidra på Ullevaal Stadion.

Cup-prisar til Nore Neset og Os
Malin Særvold Halvorsen og Martin Røttingen Eidsvik i speakerbua under den nye cupen på Nore Neset i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. feb. 2023 09:04

Laurdag stilte både Nore Neset il og Os Fotball på eit KIWI BAMA-CUP-arrangement på Ullevaal Stadion.

Begge klubbane vann prisar for barnefotball-cupane dei arrangerte i fjor.

Nore Neset blei «Årets nykommer», Os Fotball, som vann prisar også i 2019 og 2018, vann den nyoppretta prisen «Årets KIWI-klubb».

Delegasjonane frå Os sat samla og fekk kvar sin diplom. (Foto: Privat)
Delegasjonane frå Os sat samla og fekk kvar sin diplom. (Foto: Privat)

Frå Nore Neset stilte Arne Sælensminde og Ida Døsen.

– Dette var veldig kjekt! seier Sælensminde ifølgje omtale på bama.no.

– Og litt overraskande, men vi er stolte over jobben vi gjorde, legg Døsen til.

Les ògTreffsikre dagar på ny cup

Nore Neset il arrangerte sin første KIWI BAMA-CUP i fjor, og fekk 153 påmeldte lag.

– Nore Neset gjennomførte ein tilnærma prikkfri cup. Det som skilte Nore Neset frå dei andre førstegangsarrangørane, var kor godt organiserte dei var, seier juryleiar og sponsorsjef i BAMA, Håkon Andersen.

Vann nok ein pris

Os Fotball sette ny «personleg rekord» med 195 påmeldte lag på seinsommaren i fjor.

Dei blei i 2018 tildelt pris for innsats for eldre (!) under Eat, Move, Sleep-arrangementet i Oslo. I 2019 blei dei kåra til årets klubb.

Denne gong fekk dei den nyoppretta prisen «Årets KIWI-klubb».

Les ògRekordstor cup under steikande sol

– Vi hadde ei veldig kjekk helg saman med Nore Neset-duoen, og vil gratulera dei med både ein god cup og ein fin pris! seier arrangements- og kioskansvarleg Elisabeth Nedrelid i Os Fotball.

Ho reiste til Ullevaal saman med arrangementskollega Berit Rotnes og dagleg leiar Endre Brenne.

– Vi er også veldig takksame for samarbeidet med KIWI og for den fine prisen. Vi skal få juryuttalen tilsendt, men den går i korte trekk ut på samarbeidet både under cupen og året gjennom, og måten vi byr på frukt og grønt til publikum og spelarar, frå FFO og akademi til cupar og kampar.

Andre klubbar som vann pris i helga:
Årets Eat Move Sleep-klubb: Sagene il
Årets arrangør: Lier il
Beste premieutdeling: Ski il
Medieprisen: IK Gimletroll

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.