Sport | 01. okt. 2009

Cup utan Tufte

Tittelforsvarar Tufte IL klarar ikkje å stilla lag til årets MidtsidenCup. Vågshaugen City er ikkje overraska.

Cup utan Tufte
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. okt. 2009 20:02

I 2007 "tok dei sølvet heim" etter tap for Vågshaugen City. I fjor rauk Vågshaugen City ut for Søndagsklubben i semifinalen, medan Tufte IL stakk av med sigeren i MidtsidenCup for første gong.

- Vi må dessverre melda avbod i år, seier storskårar og frontfigur Karl Ole Lyngbø.

- Mange av spelarane våre er ute på fiske, så eg og Morten "Gerrard" Halhjem blir med Brynjar Øvstedal og gjengen på Yorkshire no 1.

Med det blir årets MidtsidenCup arrangert utan tittelforsvarar i herreklassen.

- Så dei er på "fisketur"? spør Robert Nøss frå Vågshaugen City og ler.

- Dei kunne vel ha fiska ei anna veke - nei her ligg det nok noko anna bak, trur rivalen frå 2007.

Lag med dommarar
Tuftes finalemotstandar i fjor, Søndagsklubben, skal stilla sterkt i år, det same er venta av Vågshaugen City, som har med seg oldboys-keeper Vidar Hjelle.

Fleire andre lag frå tidlegare år har meldt seg på, som Teens United, Orcus (som har snappa ein tidlegare Terje Utd-spelar), Beverly Hills og Retard Nation.

Blant nykomarar i år, men med mykje erfaring frå fotballbanen, stiller eit lag med spelande dommarar. Ein gjeng som ofte dømmer fotballkampar i krinsen har samla seg for å delta i gatecup.

MidtsidenCup startar 14. oktober, påmeldingsfrist er 7. oktober.
Les meir om MidtsidenCup her.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.