Lokal | 29. aug. 2019

Då hausten kom til Os

VIDEO: Sjå 4 timar av uvêret på knappe 4 minutt.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. aug. 2019 10:30

Tysdag var det rekordvarmt, onsdag var det oransje faresignal grunna store nedbørsmender på veg inn over Vestlandet.

– Eg har drive å leika meg litt med timelapse (kort film tatt opp over lengre tid), og tenkte uvêret kunne vera verdt å filma, seier Ingrid Klemetsen Bøthun.

Ho sette mobiltelefonen sin (Samsung S8) i flymodus, for å unngå anrop i perioden, og sette den innanfor eit ope loftsvindauge i bustaden sin i Øvre Varåsen.

Der sto telefonen i fire timar frå 17.30 til 21.30. Resultatet ser du i den knappe fire minutt lange filmen i ruta over.

– Korleis var det å vera utan mobiltelefon i fire timar?

– Det var litt stressande, spesielt sidan eg både er SFO-leiar, inspektør og vikaransvarleg for skule og SFO. Det er meg folk ringer til viss dei er sjuke. Men kollegaene mine er friske, og sjølv hadde eg nok godt av litt fri frå telefonen, seier Ingrid.

I Os har nedbørsmengdene ikkje skapt problem som teknisk eining eller brannvesenet kjenner til, men eit lynnedslag i Åsen førte til straumbrot nokre timar på kvelden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.