Kultur | 29. des. 2015

Då Kilmister døydde ringte BBC til Bratseth

Osingen Tore Bratseth og resten av tributebandet Bömbers får mykje merksemd etter at Ian «Lemmy» Kilmister (70) i går gjekk bort.

Då Kilmister døydde ringte BBC til Bratseth
Ian Kilmister og Tore Bratseth i London i sommar. Til venstre: Bratseth viser tatoveringen sin til Midtsiden i 2004. (Foto: Privat/Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. des. 2015 19:37

Den legendariske vokalisten og frontfiguren i Motörhead, Ian «Lemmy» Kilmister (70), er død.

– Det har blitt mange tårer og lite søvn. Eg fekk veta det klokka 2 i natt, sovna klokka 7 og blei oppringt av BT klokka 10 i formiddag, fortel Tore Bratseth.

Les òg: – Han forma heile livet mitt (intervju med BT)

No har også BBC ringt og rundt midnatt norsk tid skal Bratseth i intervju med BBC radio.

– Eg har opplevd 45 Mötorhead-konsertar vore heldig og møtt Lemmy fleire gongar, seinast i London i sommar, då vi budde to netter saman på hotell i samband med intervjumed eit magasin.

Nært og langvarig forhold

I mai er det 20 år sidan han starta tributebandet Bömbers saman med dei to andre osingane Olve «Abbath» Eikemo (Immortal) og Jan Terje «Pez» Pedersen (ex Punishment Park).

Bömbers har spelt og turnert både i USA og Europa, og dei har hatt heile Mötorhead som publikum.

– Vi spelte på Garage som offisielt nachspiel etter konserten deira i Bergen i 1997.Då var heile bandet i salen og høyrde på oss.

– Vi har fått mange fine tilbakemeldingar av Lemmy, som blant anna har spelt inn eit spor vi bruker på konsertane våre, der han introduserer Bömbers.

110 prosent ekte

– Kva er det med Kilmister som har gjort sånn inntrykk på deg?

– Det musikalske, det lyriske og det ærlege vesenet hans. Mange tusen andre artistar blir forma av plateselskapa, Kilmister har alltid vore tru mot eigne idear, han er 110 prosent ekte.

– I tillegg viser han ei stayer-evne, han halde på med musikk i 51 år før han no gjekk bort.

Bratseth seier det er tydeleg at Kilmister har påverka mange.

– Lars Ulrich var leiar for den amerikanske Möterhead-fanklubben før Metallica, og han har sjølv sagt at utan Kilmister ville det ikkje vore noko Metallica.

– De fortalte at han sa «ha det, fuck it» og sovnet inn. Han spilte tv-spill, tok en pause og døde. Det var på hans premisser og så typisk han. Han ville ikke ligge som en gulrot i sengen, han tok tak i den siste biten også. Da han fikk vite at han hadde kreft, sa han «I had a good run», forteller Mötorhead-trommis Mikkey Dee til Aftonbladet, ifølgje VG.

Får førespurnader om konsertar

Det er ikkje berre media som har kontakta Bratseth og Bömbers i dag.

– Det har kome fleire førespurnadar om konsertar, blant anna frå Frankrike og England. Eg synest det er smaklaust tidleg, rett etter at han er død.

– Om vi skal takka ja til noko så skal det ikkje handla om pengar, det får bli gratis eller til inntekt for noko.

– Kjem du til å gå i begravelsen hans?

– Arbeidsgjevaren min har allereie kontakta meg og sagt at eg i så fall får fri. Det synest eg var fint gjort.

– Men eg veit ikkje om den blir i USA eller England, eller om det blir ope for andre enn familie og nære venar, så det er førebels for tidleg å seia.

Bratseth er no på veg til Garage, der Motörhead i kveld blir hylla. Så skal han backstage for intervju med BBC via telefon.

Les òg: Råkkar opp kafeen og Prisa kvarandre, og Fjellheim (Os Rockeklubb 30 år i 2010/2011)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.