Skorpen si bok om Nils Tveit kom ut i 2016.
Skorpen si bok om Nils Tveit kom ut i 2016.

Då Os fekk straum og dr Strønen punga ut

Den lokale lesekroken: Om lokalpolitikk i praksis - tidleg på 1900-talet.

Kjetil Vasby Bruarøy
25. januar 2020 - 11:58

«Den lokale lesekroken» er utdrag frå bøker skrivne om Os, eller av osingar. Fleire bøker har kapittel og historiar som står seg fint åleine. Med samtykke frå lokale forfattarar presenterer vi nokre av desse. Éi og éi.

Teksten under er henta frå kapittelet «Lokalpolitikk i praksis», henta frå boka «Bygdehovdingen Nils Tveit» (2016) av Lars Skorpen.

Fakta om forfattaren under dagens lesekrok.

Lokalpolitikk i praksis

Nils har nett fylt førti, det nærmar seg femten år sidan bryllaupsdagane, og veslejenta, Anna, har fylt fem. Første verdskrigen ute i Europa har rasa i to år, og her heime er statsminister Gunnar Knudsen om lag midt i den siste og ganske lange regjeringstida si. På Os stundar det mot heradsstyreval på haustparten i 1916, i denne vesle bygda med om lag 3500 innbyggjarar den gongen. Både kommunevala og stortingsvala var kvart tredje år på den tida, slik at lesarane er orienterte. Først stortingsval, så kommuneval året etter og deretter eitt års valopphald før neste runde.

(...)

Ved oppteljinga etter valet i 1916 viste det seg at heile to tredelar av det gamle heradsstyret vart skifta ut. Åtte nye representantar møtte for første gong fram på nyåret i 1917, og ein av dei var altså Nils Tveit. Akkurat her er det interessant å ramsa opp namna på dei andre elleve, for å visa at karane kom frå krinskrokane; Jakob Halhjem (attvald varaordførar), Hans M. Drange, Peder N. Gaassand, Steffen O. Grindevoll, Anders A. Hauge, Ola A. O. Haugland, Anders H. Lepsøy, Haldor A. Rød, Hans M. Skinstad (unnataket som bekreftar «regelen»), Anders O. Sundøy og John O. Tøsdal. Dermed skulle ein tru at osingane var trygge på at lokalinteressene vart høyrde i heradsstyret den gongen.

Alle dei tolv tillitsvalde var altså menn på denne tida, og i dette kjønnsperspektivet er det naturleg å gjera eit tidssprang nett no. Det skulle nemleg gå meir enn ein mannsalder før dei første kvinnene kom inn i kommunestyret i Os. Ved valet i 1951 viste det seg at to kvinner vart valde som viktige og verdige representantar, nemleg eldste dotter til Nils, Maria Tveit for Venstre, og niesa hans, Margit (Skorpen) Tøsdal for Arbeidarpartiet. Søskenbarna gjekk altså i fedrane sine politiske fotspor.

Tilbake til januar 1917: Når no Nils Tveit møter på sitt første kommunestyremøte, blir han også vald til ordførar. Dette var litt uvanleg, men vi kan tenkja oss til minst eit par gode grunnar.

For det første hadde han lenge vore etablert i det politiske miljøet som partileiar, han var engasjert i både ungdoms- og skyttarlag og dessutan tilsett både i Trygdekassen og Rikstrygdeverket. Gardbrukaren og rosemålaren frå Hegglandsdalen hadde vist vilje og dugleik. Dessutan har eg tenkt den tanken at eit nesten nytt kommunestyre – åtte av tolv var skifta ut – ville vurdera å velja ein ny ordførar.

Dermed var altså ordførar nummer to frå Hegglandsdalen på kort tid – aldri andre dalingar korkje før eller seinare – klinkande klar til å løfta klubba, og sakene stod i kø midt under første verdskrigen. Nils skulle komma til å ta styringa i haugevis av saker samanhengande som ordførar til noko inn i den andre verdskrigen og i fredsdagane fram mot første valet etter krigen.

Og den første halve ordførartida hans var det dugnadsprinsippet som gjaldt likeeins som i skyttarlaget, ungdomslaget og venstrelaget. Inga ordførarlønn før han tidleg 1930-tal fekk 500 kroner i året til dekning av protokollar, papir, porto og reiser med meir.

I 2016 er det nøyaktig 100 år sidan Nils Tveit vart vald inn i Os heradsstyre for første gong, og i etterpåklokskapen sitt klåre lys kan vi følgja forskjellige saker som den nyvalde ordføraren greip tak i. Og då registrerer vi snart at dette var ei nybrotstid mellom anna når det gjaldt utbygging av elektrisk kraft og vegnettet, tilpassa bilen sine krav. Vi ser også store framsteg og nyvinningar når det gjeld skule og omsorg, spesielt utetter 30-talet.

Den 28. november 1911 kom det store spørsmålet i kommunestyret: Korleis skal vi skaffa osingane elektrisk kraft?

Svaret kom 18. januar 1913 då heradsstyret vedtok å byggja kraftverk på Gåssand. Året etter kom kraftlinjene til Os-krinsen og nesetkrinsane, og før jul i 1914 kunne mange osingar skru på lysbrytaren med godt resultat. Men elektrisitetsforsyninga i bygda var slett ikkje fullført med dette. Etter kvart kom kravet frå krinsane om å få lyslinjer, men då vart kraftmengda for lita, og no var det altså ordførar Nils Tveit som fekk kraftproblema på skuldrene sine. I 1917 vart det løyvd det nødvendige for å demma opp Steindalsvatnet, og i desember dette året blei det vedteke å byggja lyslinjer til Hegglandsdalen og Øyane, og over nyttår også til Lysefjorden. Vi kan sjå for oss dei tolv heradsstyremedlemmene som møtte til møte denne sommaren, nærare bestemt den 30. juni 1918, på Gåssand kraftstasjon, for å leggja ut på rusletur rundt Krokvatnet og Steindalsvatnet for å planleggja vidare oppdemming – med Nils Tveit gestikulerande og pratsamt forklarande i spissen for prosesjonen – utan at dette førte fram til noko nemneverdig før seinare.

Det vart no vedteke at om heile bygda skulle få elektrisk kraft, måtte ein sjå etter fleire kraftkjelder. Etter framlegg frå fylkesmannen vedtok heradsstyret å gå med på ein «prøveekspropriasjon» av Bergsdalsvassdraget, og samstundes vart det undersøkt kor mykje kraft Oselva (Lundetræfossen) kunne skaffa. Sævareidvassdraget i Fusa var også inne i biletet, men mot to røyster vedtok heradsstyret å ikkje kjøpa dette vassdraget.

Spørsmålet var no om ein skulle gå inn i «Bergenhalvøens kommunale kraftverk» (BKK) eller byggja ut Oselva. Til slutt vart det så vedteke mot to røyster å gå med i BKK i 1921.

Osbygda hadde no tryggja kraftforsyninga si på beste måte, men det var meir å gjera. Det vart mellom anna bygt kraftlinjestolpar i tre – seinare i betong – frå Heldal i Fana til Os for overføring av straumen frå BKK. Men enno stod noko att. Nordøyane, som ikkje fekk kraftlinje i 1918, søkte fleire gonger, men heradsstyret fann det for dyrt med sjøkabelen som måtte til og utsette saka.

Så gjekk det mange år, og det var framleis like mørkt både i Nordøyane, Lønningdal og Øvredal.

Like til dr. Strønen fann fram lommeboka. Han subsidierte sjøkabelen med 7000 kr, og arbeidet vart sett i gang i 1931. Etter dette var det berre folk på Indregardane som måtte venta nokre år på å kveikja lyset på mørke haustkveldar og setja potetpanna på komfyren, og inst i Øvredalen snakkar vi faktisk så seint som hausten 1945, meir enn ein mannsalder etter at dei første osingane «såg lyset».

LARS SKORPEN

• Fødd 16. mars 1945. Pensjonist frå 2011 etter mange år som ungdomsskulelærar ved Nore Neset skule. 
• Mangeårig seglflyinstruktør i Os Aero Klubb.
• Dirigerte Kuventræ skulekorps frå starten i 1980 og fleire år utetter 80-talet.
• Var medforfattar for første gong då han i 1985 sto for nynorsken i ei lita bok (Den svarte fredagen) om eit luftslag mellom allierte og tyske fly over Førdefjorden. Seinare har det blitt mange artiklar i bladet Osingen, der han sat i redaksjonsnemnda i ti år, og deltaking i fleire hefte, ved sidan av bøkene han har skrive eller vore involvert i.

Bibliografi (eigne):
Ein flygeidé - OAK 50 år (1996)
Skeie i skulesoga (2003)
Rosemålarane - ei slektskrønike (2006)
Bushpilot (flygaren Arne Mæland) (2009)
Musikar og medmenneske - Henrik Lyssand 100 år (2012)
Bygdehovdingen Nils Tveit (2016)
Glimt frå Osbygda 1930-1960 (2019)

Bibliografi (deltatt i):
Den svarte fredagen (1985)
Os Turnforening 100 år (2005)
Arne Mæland - Livet, leiken og draumen (2009)
Kafé Club Intim (2012)