«Dæven han steike!»

Vegard Leikvoll Moberg matchvinnar då Bodø/Glimt sikra opprykk til Eliteserien - fire rundar før sesongslutt.

Denne «Leik»-figuren dukka opp på Bodø/Glimt si Facebook-side etter skåringa hans.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. okt. 2017 22:06

«DÆVEN HAN STEIKE! Leikvoll Moberg dobler ledelsen for Bodø/Glimt etter drøye 20 minutter!» skreiv Bodø/Glimt på Facebook då «Leik» sette inn 2-0.

Heimekampen mot Florø enda 4-1 og Vegard Leikvoll Moberg er etter 26. av 30 rundar tilbake i Eliteserien, som han så vidt fekk smaken på med Sogndal hausten 2016.

Midtsiden lykkast ikkje i å nå Vegard etter kamp. Han er no på bankett og feirar seriemeistertittelen i OBOS-ligaen og opprykket.

9 mål og 26 kampar

Vegard si skåring var hans mål nummer 8 for sesongen. Osingen har spelt 26 kampar (24 seriekampar og 2 NM-kampar) for sin nye klubb.

Bodø/Glimt har 62 poeng (19-5-2) etter 26 kampar, Start er på 2. plass med 49 poeng.

Mats Cato Moldskred og Konsvinger tapte 3-0 i dag og ligg med 27 poeng på 13. plass av 16 lag.

TERMINLISTE OG TABELL

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.