Næringsliv | 16. des. 2020

Dag blei kunde nummer 50.000

Bergen Fiber reiste til Os med gåve.

Dag blei kunde nummer 50.000
Dag Gjertsen fekk i dag leiinga i Bergen Fiber på besøk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. des. 2020 13:00

Bergen Fiber har fått sin kunde nummer 50.000, Dag Gjertsen frå Prestegardsskogen i Os.

I dag fekk Gjertsen besøk av administrerande direktør Tore Nyhammer og salssjef Cecilie Heim.

– Eg var i hagen og jobba då ein seljar gjekk forbi. Vi hadde ganske treigt internett frå før, så eg slo til på både fiber og Altibox, fortel Dag.

Nyhammer og Heim hadde med seg både blomar og ein pose med gåver, den mest verdifulle var nok Google Nest, ein ruter som styrkar det trådlause nettetpå eigedomen din.

Bjørnafjorden er blant dei beste

Mens BKK har halde på bedriftskundane sine, er det Bergen Fiber som sel internett og TV frå Altibox til privatmarknad og burettslag mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden.

Nokre stadar legg dei kabel i bakken, andre stadar via luft, altså kabel frå mast.

– Det er fiber i området frå før, fredag blei det gravd kabel inn til huset vårt òg. Vi kjøpte huset for to år sidan, og har plan om å asfaltera utanfor garasjen, så timinga var god med graving no i forkant, seier Dag.

– Vi har fått spesielt mange nye kundar i år, fortel Cecilie Heim.

Med pandemi, heimekontor og ein vår med heimeskule er det ikkje uventa.

– Vi har flest kundar i Bergen kommune og i kommunane rundt Bergen. Spesielt Alver og Bjørnafjorden er viktig terreng for oss, seier Nyhammer.

Tysdag 22. desember er anbodsfrist på to utbyggingsprosjekt i Bjørnafjorden kommune; Gåssand og Tøsdal.

– Bergen Fiber leverer naturlegvis tilbod på desse, stadfestar direktøren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.