Lokal | 07. nov. 2018

To dagar med teinetjuveri

Hobbyfiskar mista teiner to dagar på rad.

To dagar med teinetjuveri
Både måndag og tysdag blei det stole teiner utanfor Sandholmane. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. nov. 2018 08:56

I førre veke fortalte ein hobbyfiska om tjuveri av to hummarteiner i Lysefjorden.

I går blei Midtsiden kontakta av ein annan fiskar. Han fortalte om tjuveri to dagar på rad ved Sandholmane.

– Måndag var den eine teina vekke, i dag var nok ei teine forsvunne, fortel fiskaren.

Han er tilflytta osing og fersk hummarfiskar.

– Eg hadde berre seks teiner, så no er ein tredel vekke. Fisket har vore greit, men alle utanom éin har vore for små eller med rogn, så eg hadde håpa på å få eit par til før sesongen var over.

No er sjansane reduserte.

Ein vanskeleg kamp

– Eg bruker ekkolodd, og er sikker på at teinene ikkje har segla ned ein marebakke. Blåsene er på storleik med ein fotball, og teinene står på plassar der det er unaturleg å køyra fort med båt. Derfor føler eg meg sikker på at dei er stolne, og eg vil melda forholdet til politiet.

Fiskaren er fortvilt over at bruket ikkje får stå i fred, og håper det kjem inn informasjon som hjelper politiet å ta syndarane.

I 2016 fekk politiet tre hummartjuvar servert på sølvfat.

• Les òg: Fiskar taua hummartjuvar til land (2016)

Det blei likevel ikkje oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.