Lokal | 31. jan. 2021

Dagen i dag er to timar lengre enn 1. januar

I neste månad blir forskjellen endå større per dag.

Dagen i dag er to timar lengre enn 1. januar
Solnedgang sett frå Nordstrøno klokka 21 den 21. april 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 31. jan. 2021 08:03

Synest du det har blitt merkbart, dei siste dagane, kor lysare det er om morgonane og ettermiddagane?

Det er ikkje berre grunna snøen, 31. januar er 1 time og 54 minutt lengre enn 1. januar.

I dag sto sola opp klokka 08.54 og går ned klokka 16.49. Første januar var det opp klokka 09.41 og ned klokka 15.41 i Os.

Sjølv om februar er ein kort månad, med berre 28 dagar, blir forskjellen mellom starten og slutten på månaden endå større, frå 8 timar med dagslys til nesten 10,5 time.

I slutten av februar står sola opp klokka 07.39 og går ned klokka 18.02.

Den største forskjellen skjer likevel søndag 28. mars. Vi har framleis ikkje slutta med sommartid, dermed går vi frå solnedgang klokka 19.10 laurdag til solnedgang klokka 20.12 søndagen.

Dei lengste dagane får vi som kjent rundt sommarjamndøgn 21. juni. Då har vi 18 timar og 56 minutt med dagslys, med soloppgang klokka 04.11 og solnedgang klokka 23.08.

Uavhengig av mengde timar med dagslys, vêret skal òg lett og kald dei neste dagane.

Etter nokre snøbyger søndag ettermiddag er det meldt sol, 1 til 4 minusgradar og svak vind til og med torsdag.

Til neste helg kan det koma fleire snøbyger, men temperaturane skal halda seg rundt null og i slutten av veka vi har i vente.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.