Lokal | 26. mai 2010

Dagens parkering

Ungdomsgjeng i sentrum, funn av slagvåpen og uheldig parkering.

Dagens parkering
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. mai 2010 07:45

I 17-tida i går oppsøkte politiet ein mann dei skulle ha ein prat med. Då vedkomande blei tatt med til kontoret blei han også undersøkt, og då fann dei eit slagvåpen.

- Vi fann ein batong. Mannen fekk eit forelegg på 5000 kroner for å bera dette våpenet, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Bergen vs Os?
Tysdag kveld fekk politiet melding om at det hadde samla seg to ungdomsgjengar i Os sentrum, ein frå Os og ein frå Bergen.

Patruljen rykte ut, snakka med ungdomen og heldt eit auge til dei fram til bergensgjengen sette seg på bussen og reiste heim.

Dagens parkering
Om ettermiddagen tysdag fekk Midtsiden inn eit bilde av ei dårleg parkering på Strøno. Bilen sto halvvegs utfor parkeringsplassen ved Strønebrua.

- Vi har ikkje fått melding om noko vedrørande uhellet eller denne bilen, seier lensmann Rasmus Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.