Lokal | 11. mars 2020

Kvinne i 70-åra mista lappen etter video-opptak

Køyringa blei filma av dashboardkamera.

Kvinne i 70-åra mista lappen etter video-opptak
Vitne reagerte på køyring frå Moberg til Halhjem. Bilførar mista førarkortet. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. mars 2020 08:38

Tysdag klokka 10.07 blei politiet kontakta av ein bilist på veg mot Halhjem.

– Vedkomande fortalte om uaktsam køyring på bilen framfor, som blant anna skal ha vore mykje over i motsett køyrefelt, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vitnet køyrde etter bilen til den stoppa på Halhjem ferjekai. Då kom politiet.

Bilførar kjente seg først ikkje igjen i skildringa av køyringa. Men då politiet viste video frå kameraet til bilen bak, tok dei beslag i førarkortet hennar.

Vedkomande er ei kvinne i slutten av 70-åra, frå ein annan kommune enn Bjørnafjorden.

Vist vekk frå Nav

Politiet blei kontakta i 15-tida tysdag, då ein mann skal ha truga ein tilsett ved Nav.

Mannen, som er i slutten av 20-åra, fekk pålegg om å forlata staden.

Politiet fekk på ettermiddagen melding om ein hund som gjekk laus i Lysefjorden. Det skal vera eit gjentakande problem, men eigar tok etterkvart hand om hunden. Politiet minner om bandtvang i Bjørafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.