Sport | 17. feb. 2015

Dang går frå Lysekloster

I november signerte toppskåraren med Lysekloster. I dag gjekk han til SK Sotra.

Dang går frå Lysekloster
Alexander Dang blei berre verande i Lysekloster-drakt frå november til februar. (Foto: Lysekloster IL, Dagfinn Breivik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. feb. 2015 19:54

Alexander Dang (24) var toppskårar i 3. divisjon i fjor, og gjekk i haust frå Vadmyra til Lysekloster.

I dag signerte han med SK Sotra.

– Vi har vore interesserte i Dang ei stund, men så signerte han med Lysekloster, fortel Sjur Århus i trenarteamet til Sotra sitt A-lag.

– Så fekk vi høyra at han ikkje trivst i den nye klubben, og i dag var han innom og signerte med oss.

For å sleppa å prøva på å løysa Dang frå kontrakten med Lysekloster har SK Sotra signert proffkontrakt med 24-åringen.

– Vi har få endringar i troppen, men vi mister ein spiss til sommaren. Både Vadmyra som klubb og Dang som spelar kjenner eg godt frå før, dessutan talar jo tala for seg sjølv, seier hovudtrenar Espen Steffensen.

Fekk hard konkurranse

Hovudtrenar for Lysekloster, Ørjan Sandal, seier han førebels ikkje har fått ei formell melding om overgangen, men at han kjenner til at Dang har valt seg vekk.

– Hos oss er det hard konkurranse om alle plassane på laget. Han var nok ikkje klar for dette, og då passar han heller ikkje inn hos oss.

– Vi skal opp og fram og då må vi ha ein brei og god stall, seier Sandal.

Alexander Dang seier til Midtsiden at han føler at premissene endra seg mykje etter signeringa.

– Det er ikkje det at eg ikkje taklar konkurranse, men eg fekk beskjed om at eg skulle satsast på som midtspiss.

– Når eg skårer 30 mål for eit lag midt på tabellen i nærmast ei identisk avdeling som den som skal spelast i år, så synest det ikkje det er rett at eg skal brukast som indreløpar eller kant, og av og til som midtspiss.

– Men vi har hatt noko eg opplever som ein ryddig dialog om dette før eg valte det eg synest er rett for meg.

Sotra hadde også Tommy Gaustad på prøvespel, men Gaustad valte Lysekloster.

No står det 1-1 i toppskårar-jakta mellom to av laga som truleg kjem til å kjempa i toppen av avdeling 7 i år. Sjå odds.

– Uproblematisk

Sandal seier dessutan at tapet av Dang er uproblematisk for klubben.

– Vi har ein brei og god stall og er førebels ikkje på jakt etter ein erstattar.

SK Sotra har frå før fått tilbake Simen Birkelund frå Lysekloster, i tillegg til at Mathias Høiland har gått frå same klubb til laget som tok 2. plassen i det som var Os og Lysekloster si avdeling i fjor.

Lysekloster sitt A-lag reiser i morgon til Barcelona på treningsleir.

Les meir om fotballen i Os på Midtsiden si samleside om fotball.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.