Daniel Skarstein i sone 2 i det fisket opna i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Daniel Skarstein i sone 2 i det fisket opna i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Daniel (14) tok fri for å fiska opningsnatta

– Eg skal opp igjen klokka 6 i morgon, sa Daniel Skarstein i det fisket opna i natt.

Kjetil Vasby Bruarøy
15. juni 2018 - 15:48

Fredag 15. juni opna årets sesong i Oselvo, og torsdag kveld rigga dei som hadde fått fiskekort opningsnatta seg klar til første kast i det klokka slo midnatt.

– Eg har ein grei lærar, så eg fekk fri i morgon då han høyrde at eg ville fiska, seier Daniel Skarstein.

Daniel, som fyller 15 år i år, har ikkje tatt fri for å sova på dagtid fredag.

– Vi skal fiska litt i natt. Så skal vi tilbake og fiska frå klokka 6 til 8 i morgon tidleg, før fiskekortet går ut.

Låge forventingar - høg trivsel

Daniel var med farfar Bjørn Skarstein i sone 2 i Oselvo.

Sone 2 er spesielt attraktiv når elva er låg, som no etter ein lang tørkeperiode.

– Elva er verkeleg på veg opp, vassføringa på Røykenes har auka frå 0,3 til 6 kubikk berre i dag. Men det er nokre magasin som skal fyllast opp mellom Søfteland og Os, så det tar tid før vassføringa aukar her nede, sa leiar i fiskeutvalet i Os Jakt og Fiskelag, Stig Gram-Knudsen.

– Samtidig er det sønnavind og regn, og høg flo, så det kan bita i natt likevel.

Stig hadde kort i sone 0-1, men reiste heim kort tid etter at fisket var i gang.

Daniel sin farfar brydde seg ikkje så mykje om forholda var gode eller dårlege.

– I fjor fekk eg ikkje ein einaste fisk. Eg var sikkert 8-10 turar i elva og eg storkoste meg! Berre det å vera her er kjekt i seg sjølv, synest han.

Har fått éin laks før

Daniel bur i Fana og har vore med farfar frå Søfteland i Oselvo fleire gongar dei siste tre åra. 

– Eg har fått éin laks. Det var to år sidan, og då var farfar og såg på ein annan fiskeplass mens eg sto igjen med pappa.

– Eg er jo uerfaren, så eg sveiva laksen rett opp. Pappa (Frode Skarstein) rota litt med håven, og i det vi fekk fisken oppi så lausna sluken.

– Vi var heldige som fekk fisken på land, og det var veldig kjekt å få laks på kroken, seier Daniel om fangsten, som vog 3,2 kilo.

Tett med laks som vil opp

I dag veks elva fort, og det siste døgnet har det stått tett med laks i Os hamn, som truleg går opp elva dei nærmaste timane og dagane.

• Sjå webkamera under Osbrua på Osgjestehamn.no

– Det skal ei lita auke til før laksen, som gjerne står eit stykke frå munningen når elva har vore så lita som no, stimer til og viser at den vil opp, seier Gram-Knudsen.

Då Remi Bårdtvedt fekk årets «Oskar» i 2016, 12 dagar etter at fisket opna, hadde elva nyleg vost teikn til å auka.

Han sat i sone 2 og skildra det som at det kokte med laks i elva. I dag har Anders Kloven vore i sone 2. Han reknar med at dei som har fiskekort (det blir selt 8 timar om gangen) i kveld kan få fisk.

Ifølgje Prohd.no, som følgjer fisket i Oselvo tett, er det førebels ikkje vore fangst i Oselvo.

Les meir om

Sport Jakt og fiske