Lokal | 07. sep. 2018

Daniel Skotheim har sagt seg opp i Os kommune

– Vi har hatt Noregs beste næringssjef, meiner rådmann Christian F. Fotland.

Daniel Skotheim. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. sep. 2018 08:51

Daniel Skotheim har sagt seg opp i Os kommune. Skotheim blei tilsett som næringssjef våren 2016, men skal no tilbake til privat næringsliv.

– Eg byrjar å jobba for Lean Konseptutvikling, fortel Skotheim til Midtsiden.

Lean Konseptutvikling, firmaet bak Byggemappen, er leigetakar i eit av «Skotheim-prosjekta», Gründerparken. Selskapet blei nominert til innovasjonspris i fjor, og landa storkontrakt i år.

– Dei har flørta litt før, mens eg har vore styremedlem, men det var først no dei var i posisjon til å koma med eit konkret tilbod.

– Eg føler eg går frå draumejobben etter tida mi i Os kommune, men dette tilbodet kunne eg ikkje seia nei til. No blir det å landa heimemarknaden for så å jobba med internasjonal lansering.

– Ein god kollega og framifrå næringssjef

Rådmann Christian F. Fotland er raus med superlativene når han skildrar den snart avtroppande næringssjefen.

– Når vi ser alt Skotheim har starta og realisert, og måten han har gjennomført det på, trur eg vi kan seia at vi har Noregs beste næringssjef.

– Han er dessutan ein veldig hyggeleg fyr, og ein god kollega, seier Fotland.

Skotheim byrjar i ny jobb 1. desember.

– Vi vil no samla tankane og truleg snart lysa ut stillinga som blir ledig, seier rådmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.