Kultur | 09. mars 2010

Danka ut Donkeyboy

Maya Vik og Montée slo blant anna Donkeyboy i kampen om Spellemannspris for beste popgruppe. Det får juryen skryt for.

Danka ut Donkeyboy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. mars 2010 12:04

Laurdag vann osingen Maya Vik og resten av Montée Spellemannspris i klassen beste popgruppe for debutalbumet Isle of Now.

- Det einaste eg var førebudd på, og grua meg litt til, var å dela ut pris. Det var ein i bandet som spurte oss andre kva vi skulle seia om vi vann, men det blei avfeia med kommentar om at det ikkje kom til å skje, seier Maya til Midtsiden.no.

- Vi var ikkje førebudd på å halda takketale, men synes sjølvsagt det var veldig gøy å vinna. Vi har fått mange fine tilbakemeldingar og eg har fått ein haug med gratulasjonar frå venar og familie heime i Os.

Sterk avgjerd
Blant dei andre nominerte i Montée sin kategori var ein annan vellukka nykomar, Donkeyboy, som var nominert til fem og fekk tre prisar. Nettopp det at eit ganske ukjent band får prisen framfor nokon som har selt rundt 20 gongar meir har blitt brukt som hovudeksempel i fleire kommentarar etter årets prisutdeling.

«Spellemannprisen viste i stedet sin største styrke da Montee ble oppropt som årets popband» skriv Dagsavisen.

«Og at Montée, tilsynelatende overraskende, snappet den gjeve popgruppeprisen foran nesa på langt mindre kritikerroste og langt mer folkelige Donkeyboy, understreker bare at Spellemann-heder først og fremst handler om skulderklapp fra menigheten» skriv Dagbladet.

Ny plate - nytt selskap
Montée har jobba lenge med album nummer to og Maya synes derfor det var kjekt med Spellemannspris som ei stadfesting på at dei gjorde noko rett også første gong.

- Vi fekk flotte kritikkar for albumet då det kom ut i fjor vår, med både 6 og 5 i terningkast, men har spelt den inn sjølv og distribuert på eit lite selskap.

- Men vi hadde nesten gløymt førre plate, sidan vi har jobba så lenge med nytt album, så dette var ein fin påminnar om at vi kan stola på oss sjølv og følgja magefølelsen medan vi gjer ferdig neste.

Montée er også i dialog med nytt, større plateselskap, og neste album kan koma til å bli lansert også i utlandet, i første omgang England og USA.

Til Os i mars?
Maya håpar og trur Spellemannsprisen gjev bandet ekstra med spelejobbar utover våren og sommaren. Allereie 19. mars skal dei spela i Bergen, og kanskje blir det ein konsert på Os same helga.

- Vi jobbar med å få til noko på Os medan vi er på Vestlandet. Det hadde vore veldig kjekt å spela i heimbygda igjen!

Montée består av Anders Tjore, Maya Vik, Erlend Mokkelbost, Haakon-Marius Pettersen and Marius Simonsen.

Følg Maya på bloggen mayavik.com

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.