Sport | 16. sep. 2011

Dansa med «Katia»

Seks båtar stilte til dans med «Katia» på trimmingsseilasen tysdag.

Andris Hamrefredag 16. sep. 2011 07:06

Desse amerikanske stormane seies å vera ville og våte, men «Katia» hadde nok rent av seg den verste villskapen før ho traff båtane i trimmingsseilasen i Korsfjorden, men vått blei det.

Det blåste omlag 11 – 12 m/sek frå vest då båtane møttes til start i Strøneosen, og det var frisk i bygene som kom tett, meldingane sa at det skulle løye utover kvelden.

Båtane rigga seg til med rev i storseilet og fokk på forstaget og gjorde seg klar til dans.

«Lisa» med Paul Øyvind Mehammer måtte ta starten då «Piano» ikkje kunne stille. Det blei flagga eit løp fra Strøneosen – Lille Laugarøy og til mål i Strøneosen.

Lille Laugarøy lå midt i vindauget så valet var perfekt.

Begge klassane starta samstundes og la ut styrbord hals på tvers av fjorden, «Merelle» og «Tina for II» slo til babord med kurs mot Alholmen men merka fort at farten minka og slo tilbake ut i fjorden. Dei andre båtane gjekk direkte på styrbord hals nesten over fjorden før dei slo nordover mot Lille Laugarøy. «Lisa» tok leiinga framfor «Tina for II» og «Merelle» med «Stella» rett bak.

Seilsettinga passa heilt fint til vindstyrken og båtane heldt 6 – 6,5 knop gjennom bølgene oppover mot runding. Da dei nærma seg runding løya vinden og båtane fjerna revet og drog opp fullt storseil i staden.

«Lisa» runda først, «Tina» og nokre andre av båtane fekk problem emd Austevoll-ferja og måtte skjære nord-aust før dei kunne settje kursen mot mål.

Nokre satte spinnaker og det blei vind rett bakfrå og de måtte ta litt skjæring for båtane jaga og rulla frå side til side i bølgene. «Lisa» skar rett sørover fjorden, «Tina for II» gjikk mot Alholmen med minimal skjæring og dei flest andre fulgte etter eller satte kursen rett mot mål.

Det verka som «Katia» blei litt irritert då «Tina for II» heiste det «raude underskjørtet» (les spinnakeren), det kom nokre skikkelege vindpust som jaga båten opp i over 9 knop og jaga ho frå side til side, men «Katia» var nok litt sleten etter overfarten frå amerika så det fekk ikkje gjort nokre skadar på «Tina».

Derimot blei det ei lita skade på ein av mannskapa hos «Merelle» då dei valde å ta ned spinnakeren igjen. På «Kaslo» laga «Katia» eit rift i storseilet.

Til slutt viste det seg at vegval og god seilhandtering gjorde at «Tina for II» tok leiinga og gjekk først over målstreken. Straks over målstreken måtte ho sleppe seila og runde for å ta tida på dei andre.

I løpet av 10 minutt kom alle båtane seg fint i mål og seglarane kunne takka «Katia» for dansen.

No står det att to tysdagsseglasar med start ein halvtime tidlegare enn i sommar.

Sjå resultata hos Os seilforening.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.