Lokal | 15. des. 2016

Dårleg innemiljø gjev hovudpine

Feil og manglar ved ventilasjonsanlegget ved Os ungdomsskule gir elevar og lærarar hovudpine. Korleis kan vi sikra innemiljøet, spør Gisle Hesjedal (Ap).

Dårleg innemiljø gjev hovudpine
Os Ungdomsskule slit med feil og manglar på varme- og ventilasjonsanlegget (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. des. 2016 08:35

I det kommande kommunestyremøte neste veke har Gisle Hesjedal (Ap) sendt eit spørsmål til ordførar Terje Søviknes (Frp) angåande inneklimaet ved Os ungdomsskule og om Os kommune har fått det dei har betalt for når et gjeld varme- og ventilasjonsanlegget.

Hesjedal skriv følgande i sitt spørsmål:

«I møte i samarbeidsutvalet (SU) ved Os ungdomsskule 12.12.16 tok representanten frå elevrådet opp at det er dårleg ventilasjon og temperaturregulering ved skulen. Rektor stadfesta at for delar av skulebygget er det eit stort problem med dårleg luft og svingande temperaturar. Dette har vore eit problem heilt sidan nytt varme- og ventilasjonsanlegg vart installert under ombygginga. Døme på feil er m.a. spjeld som har vore montert feil veg, varmepumper som slår seg ut ved vêromslag og er ute av drift i lange periodar, lekkasjar i røyr som skal føra lufta fram til ventilane og feil ved innregulering av anlegget. Rektor meiner at anlegget framleis har fleire vesentlege manglar og at dette er ei mogeleg reklamasjonssak for kommunen.

Det skal tidlegare ha vore utført ei måling av luftkvaliteten. Denne vart utført i løpet av eitt døgn der klasseromet i store delar av tida ikkje var i bruk. Mykje tyder på at målinga ikkje viser eit realistisk resultat. Både lærarar og elevrepresentant i SU opplyser at både tilsette og elevar får hovudpine som følgje av det dårlige inneklimaet. På grunn av opplysningane som er komme fram i SU meiner eg kommunestyret har grunn til å vera uroa for arbeids- og læringsmiljøet til både tilsette og elevar. Det er òg grunn til å vera uroa for om investeringa som er gjort i varme- og ventilasjonsanlegget held den kvaliteten som vi bør kunna forventa.

Spørsmål: Kva vil ordføraren gjera for at kommunestyret skal vera trygg på at vi har fått levert det produktet som vi faktisk har betalt for, og at vi samtidig kan vera trygg på at både elevar og tilsette ved Os ungdomsskule har eit forsvarleg inneklima?»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.